Fossil
Fossil er forsteining og andre spor av dyr og plantar
frå tidlegare jordperiodar. Dei blaute,organiske delane er borte,
men er erstatta med kalk og kiselsyre, så formen er nøyaktig
bevart. Ved å studere fossilar frå dei eldste til dei yngste
jordlaga kan ein finne ut korleis plantar og dyr har utvikla seg på
jorda. Læra om fossilane vert kalla paleontologi.
|