Gasellen - elegant og spenstig
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 28.11.2003
Gasellen dannar ei eigen slekt innanfor den store gruppa
av hovdyr som kallast antiloper. Vi kjenner ei mengde artar av dei - og
alle er steppe- og ørkendyr. Vi finn dei derfor i dei store, typiske
steppe- og ørkenstrøka i Afrika og Asia.
Gasellane er for det meste småvokste, sandfarga
og svært elegante. Dei høyrer til blandt dei små hovdyra,
er slanke med ofte lange og spissse horn.
Som alle steppedyr er dei svært raske. Ein flokk
gasellar som flyktar over steppene er eit flott syn, der dei med fantastisk
fart liksom svevar bortover marka.
Gasellen er kloke dyr med svært skarpe sansar og
god hukommelse. Dei er fredelege og skye, men i paringstida kjempar hannane
alvorleg om hoa, og ofte endar det med at eit av dyra blir drept av dei
spisse horna til rivalen. Hoa får berre ein halv, og kalvar som blir
fanga er lett å temje. |