Verdas raskaste pattedyr
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.10.2003
Geparden
er den mest spesialiserte av våre nolevande kattedyr. Den er så
rask og elegant at det er rart at ikkje bilfabrikantane har brukt namnet
for å marknadsføre nye sportsbilar.
Geparden kan utan problem overskride fartsgrensa på
motorvegane når den jaktar på byttet sitt over savannane. Akselerasjonen
er overlegen både i dyre- og bilverda, når ein ikkje reknar
med dei aller raskaste racerbilane.
På mindre enn 2 sekund kjem geparden opp i ein
fart på 65 km/t, og den kan hoppe over åtte meter i eit sprang.
Toppfarten ligg på om lag 110 km/t. For å greie desse kolossale
energiutladningane er geparden utstyrt med eit kraftig hjarte, ei stor
lever, slanke knoklar og ein muskuløs hale som fungerar som stabilisator.
Geparden må ha friskt kjøtt til kvart måltid.
Den jaktar åleine på opne savanner der den spring langt etter
byttet. I dagslys kan den f.eks. snike seg inn på ei thomson-gaselle
og starte ei heseblesande jakt over 300-400 meter. Gasellen sin toppfart
er 95 km/t. Denne slitsomme jakta tappar geparden for alle krefter, og
den må ofte kvile ein halv time før den orkar å ete
byttet. |