Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

    
Hesten - ein trufast slitar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.11.2003

Her i landet er det vesentleg to hesteraser som dominerar - dølahesten og fjordhesten. Dessutan finst det enkelt stadar i Nord-Noreg ein mindre hest som kallast lyngshesten. 

Hesten høyrer til hovdyra, dei upartåa sin underorden, og innanfor denne til hesteslekta (Equus). 

Dølahesten 
Dølahesten sitt avlsområde omfattar først og fremst alle austlandsfylka og begge trøndelagsfylka. Dølahesten passar godt både i jordbruk og skogbruk, særleg under litt større forhold. Fargen er som oftast brun, men kan også være svart, raud eller blanda. Innan rasen driv ein avl på travhestar. 

Fjordinghingsten Draum 1308, som fekk første premie i Nordfjordeid i 1949. Fotograf: ukjend. 

Fjordhesten 
Fjordhesten har sitt avlsområde på Vestlandet og Sørlandet, forutan i dei tre nordlegaste fylka. Den er mindre og lettare enn dølahesten. Fjordhesten er nøysom, uthaldande og triveleg, med eit livleg og godt gemytt. Fargen er av ulike typar, brunblakk, raudblakk, ulsblakk eller gulblakk. Austlendingane kalla hesterasen for "nordfjording". 
Les meir om fjordhesten og dølahesten i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane 

Lyngshesten 
Lyngshesten finst berre på enkelte stadar i Nord-Noreg. Det er ein liten, men seig, energisk og hardfør hest, som kan gjere god nytte for seg. Fargen kan vere raud, svart eller skimla. Særpreg for denne rasen er at hesten ikkje sjeldan held seg avlsdyktig heilt opp til 30-års alderen. 

Kva villhestformer som dannar grunnlaget for vår tamhest i dag, veit vi ikkje sikkert. Men ein meinar at alle lettare hesteraser stammar frå przewalskyhesten, medan dei tyngre rasane stammar frå den store, mellomeuropeeiske villhesten. 
Her i Noreg reknar ein med at hesten var i bruk som husdyr alt i steinalderen, eller for omlag 3000 år tilbake. 

Det er funne mange hesteskjelett frå gammal tid ved utgravingar her i landet, bl.a. i Gogstadskipet og Osebergskipet. Dei fleste av desse skjeletta viser at hestane den gong var små, men enkelte stammar også frå større typar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal