Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

        
Jerv - ein frykta motstandar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 07.07.2003

Jerven er eit av dei seigaste rovdyr som finst. Eit eineståande samspel mellom krefter og mot gjer reven til ein svekling og løva engsteleg. Den er frykta både innanfor og utanfor dyreriket. 

Jerven, (Gulo gulo) også kalla fjellfross, blei totalfreda i Sør-Norge i 1973. Kan bli opptil 1 meter lang og har svartbrun pels med gulbrun stripe langs sidene og over hovudet. I dag er totalbestanden av jerv i Noreg på ca 245 dyr. Den norske jervestammen er på mellom 120 og 180 dyr. Den største konsentrasjonen finn ein i Bardu, som også har jerven i kommunevåpenet. 

Jerven høyrer til mårfamilien. Hannen veg vanlegvis 12 - 18 kilo, hoa sjeldan meir enn 8 - 12 kilo. Jerven har ein utruleg kraftig muskulatur. Hovudet er rundt og breidt, beina korte og kroppen låg med kort buskut hale. 
Jerven er ein typisk hamstrar, og drep ofte meir enn den brukar, og den lagrar overskotsbyttet til seinere bruk. Overskot av mat i ein kort periode vil derfor bli utnytta på ein effektiv måte. Den er ein meister i å klatre og kan bære eit reinsdyrshovud med ei tunge hornkrune høgt opp i eit tre for å ha ein trygg lagringsplass til maten. 

Det einaste svake med jerven er synet; til gjengjeld har den ein uhyre skarp luktesans. 

I kamp er jerven makelaus. Den har lange, krumme klør og tenner så skarpe som hoggjern. Dette, saman med eit utruleg frekt pågangsmot, får alle andre dyr til å vike. Både ulv og bjørn vik unna når jerven er i krigshumør. 

Jerven lagar hiet sitt i ei hole eller fjellsprekk. Paringa skjer i perioden april–august, og dei 1–4 ungane vert fødd i februar – mars. Frå då av er hoa like aggresiv som hannen. Ved fødselen er ungane på størrelse med ein lemen, og dei første to vekene er dei blinde. Alt ut på høsten skil familiens medlemmer lag og går kvar sin veg. 

Når jerven er på jakt er den utretteleg og kan gjerne vandre 100 kilometer bort frå hiet. Menyen består for det meste av mindre dyr, smågnagarar, fuglar og ådsel. Men jerven drep både fullvoksne reinsdyr og elg. Teknikken den brukar er å lure seg innpå byttet, kaste seg opp på ryggen og bite seg fast i manken. Som andre mårdyr kan den bli angripen av den reine mordmani når den slepp til på eit sauebeite. 

Jerven jaktar ikkje i flokk som ulven; som regel er den åleine, men av og til hender det at to-tre dyr - mor, far og unge - jaktar i felleskap. Om sommaren pleier den ofte liggje og kvile om dagen, for så og gå på rov i dei lyse nettene. Vinterstid er den derimot ofte på farten om dagen óg. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal