Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

 
Koala - Australias "teddybjørn"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.07.2003


Foto: Scandion.

Koalabjørnen (Phascolarctos cinereus) er ein art av familien klatrande pungdyr. Den klatrar i trea med nesten like klossete og langsomme bevegelsar som dovendyret. 

Med sin bjørnepels har den likevel ein pussig likheit med vår eigen bjørn, ei likheit som blir understreka ved at den manglar hale. Men koalaen blir ikkje større enn ein liten hund, og er langt frå å være eit rovdyr. Dei fleste av koalane lever i aust-Australia, og er i dag totalfreda etter å ha vore nesten utrydda ved rovjakt. 

Frå 1800-talet og fram til første del av forrige århundre vart det jakta stort på koalaene. Europearane bytta gjerne til seg skinn, og ubehandla skinn blei seld i tusenvis. 

Denne omfattande jakta førde til at på slutten av 1930-talet var koalaen mest utrydda i Sør Australia, og veldig sjelden å sjå i Victoria og New South Wales. 

Bestanden minka og på grunn av at fleire og større områder blei dyrka eller brukt til bustadar. 


Foto: Scandion.

Berre nokre få tusen koalaer var att då ein sette i gang vernetiltak. Koalane er i dag beskytta av ei streng lov i alle statar. For å verne koalaen finns det og fleire reservat. Det er truleg mindre enn 100 000 koalaer igjen i Australia. I 2001 blei over 600 koalaer køyrt ned av bilistar, og eit stort antal av dei døydde. Bilistar har rett og slett ikkje tålmod til å vente til dei trege pungdyra kjem seg ut av vegbana. 

Koalaene lever i deler av Australia. Vi finn dei i kystområda i Queensland, New South Wales og deler av Sør- Australia. Mest talrik er dei i New South Wales og Victoria. Sjølv om koalaen er freda er ikke maten den et det, og uten eukalyptustrea vil koalaen dø ut. Det vert no planta trær for at Koalaen skal få nok mat. 

Koalane har mange fiendar, som pytonslange, ørner, ugler og selvfølgelig den australske villhunden, dingoen. Likevel har ein klart å få koalaen attende til dei områder der dei tidligare var utrydda. 

Oppe i tretoppane vert koalane født, der lever og døyr dei, der fører dei eit einsformig liv på ein einsformig kost som består av unge, læraktige og aromatiske eukalyptusblad. Av dette får dei alt dei treng unnateke vatn; det må dei gå ned på marka for å få. Men koalaen drikk lite vatn. Den veska den får i seg får den stort sett gjennom blada den et. 


Foto: Scandion.

Koalaen er, i likheit med wombat og kenguru, eit pungdyr. Koalaen forplantar seg om sommaren, som er mellom desember og mars i Australia. 

Borna blir født tidlig i utviklingsprosessen (35 dagar etter paring) og utviklar seg og veks i moras pung. 

Ved fødselen er ungen berre 2 cm lang, blind, naken og veg mindre enn 1/2 gram, men den kravlar sjølv opp til moras pung og syg seg fast til ei patte. 
 

Etter 5-6 månader viser ungen seg utanfor pungen, og klatrar opp på ryggen til mora. 2-3 månader seinare er den fullvaksen, og flyttar over til trestammen og er klar til å begynne ei meir sjølvstendig tilvære. Likevel held den seg saman med mora til neste paringstid, då den blir jaga vekk av ein hann. Sidan lever den åleine fram til den blir kjønnsmoden. 

Koalane kan leve i 20 år, og er den største av notidas klatrande pungdyr. Hannen veg mellom 6-12 kg, og hoa 5-11 kg. Lengda kan være mellom 53-84 cm. 

Av og til gir koalaen frå seg eit lite bjeff, men den er meir likesæl for andre skapningar enn noko anna pattedyr. 

Koalaene kan sove opptil 18 timer i døgnet, for det meste om dagen samankrøka i ei klynge av greiner. 

Om natta er dei meir aktive. Det er då dei klatrer i trea for å finne mat. I løpet av eit døgn et ein koala mellom ½ og 1 kg blad. Det kan føre til matmangel i mange områder der koalaen lever. Det hender derfor at koalaen blir flytta til områder der det er meir mat å finne. 

........................................................................................................................................................................... 

Alle bilder i denne artikkelen er tatt i 2001 under eit besøk i dyreparken Lone Pine Koala Sanctuary 
som ligg utanfor Brisbane, i Queensland.


Foto: Scandion.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal