Kvifor
småfuglane krasjar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 12.10.2003
Som bilist har du sikkert opplevd å køyre
på fuglar som plutseleg lettar frå vegkanten for å krysse
vegen rett framfor bilen. Kvifor gjer fuglar ei slik halsbrekkande ferd.
Dei fleste mindre fuglar, har auge på kvar side
av hovudet. Dei har vidvinkel-syn, slik at dei kan fange lys- og synsintrykk
frå ein stor vinkel. Derfor kan fuglane frå augnekroken sjå
skarpt og klårt framover i flygeretning.
Plasseringa av augene på sidan av hovudet betyr
at fuglane er i stand til å halde auga med fiendar i nesten alle
retningar samtidig. Det er derfor lite sannsynleg at dei vert overraska
bakfrå.
Til gjengjeld er småfuglane sitt djupnesyn svært
dårleg. Vi menneske oppfattar gjenstandar nærmare enn 50 meter
tredimensjonalt ved hjelp av vårt stereosyn. Fuglane sitt fellessyn
derimot, er berre eit par grader. Derfor vil dei ofte berre sjå ein
bil komme mot seg med det eine auga, og dermed ikkje være istand
til å bedømme avstanden korrekt. Ein bil i stor fart kan lure
fuglane slik at dei feilvurderer si reaksjonstid. Trass sin lynraske reaksjonsevne
risikerer dei derfor å bli påkøyrt. |