Kjæledyr på langfart
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 09.01.2004
Viste
du at brevduer har små, magnetiske korn inni hovudet som blir påvirka
av jorda sitt magnetfelt. Derfor kan brevduer finne fram også når
dei hverken kan sjå sola eller stjernene.
Små trekkfuglar på 10 gram er store navigatørar
og kan finne vegen over distansar på 10 000 km. Også kval,
laks og andre havdyr forflyttar seg over store strekningar med sikker retningssans.
Sjølv kjæledyr, som har vore tamme i generasjonar, har denne
evna.
Vi har lese om kattar som har blitt borte på ferietur.
Lenge etterpå, og etter ufatteleg mange mil med trasking, har dei
funne vegen heimatt.
Når
kjæledyr utfører slike bragder blir det stått stort
opp i media. Eigentleg er det urettferdig, for i naturen er det mange dyr
som er minst like dyktige til å finne vegen.
Katten har ikkje for vane å legge ut på så
store vandringar utan ein spesiell grunn. Kva er det då som gjer
at katten har denne evna til å finne fram ?
Det vert hevda at kjæledyr ikkje har fjerna seg
så langt frå dei ville dyra. Dei har enno evna til å
kjenne igjen eit landskap, til å lukte seg fram, til å styre
etter sola og månen.
Men uansett kva svaret er, så er det ikkje tvil
om at dyr, tamme som ville, gjennomfører store trekk og navigering
som vi menneske ville ha store problem med å klare, sjølv
om vi var utstyrt med kart, kompass, adressebok eller vegvisar.
Her er eit lite utval historier om kjæledyr på
langfart.
3800 km gjekk ein huskatt frå New York til California.
Turen tok litt over eit år.
2500 km tilbakela ein schæfer som vart borte frå
eigar på ein campingtur i Arizona. Fire månader seinare dukka
den opp heime i staten Washington.
1300 km gjekk ein schæfer frå Solingen i Tyskland
for å komme til eigaren sin, som hadde flytta til Sør-Italia.
Turen tok eit år.
150 km løp ein huskatt frå New York. Den
var gravid då den blei borte frå familien på campingtur.
Då den kom heimatt hadde den ein kattunge i munnen. Men historia
slutta ikkje her. Den same katten løp kort tid etter 300 km for
å hente endå ein kattunge. Då tok familien katten med
i bilen for å hente resten av ungane.
75 km gjekk eit tamt pinnsvin då det blei flytta
frå sin opprinnelege heim i Russland. Det tok dyret to månader
å gå strekninga heimatt.
8 km gjekk hunden Mickey frå huset til pleieforeldra
sine og til sin gamle heim. Det virkar ikkje imponerande, men Mickey var
på det tidspunkt 15 år gamal, blind og stokk døv. |