Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
  

    

 
Noregs minste pattedyr
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.06.2003

Dvergspissmusa er Noregs minste pattedyr, og veg berre 2 - 6 gram. Ein kunne altså sende 5 - 6 dvergspissmus i ein konvolutt for vanleg porto. Men å finne så mange er ikkje lett; dei er nemleg ikkje så vanlige som sine større slektningar. 

Pattedyra er ei mangfoldig dyregruppe både når det gjeld kroppsstørrelse, levevis og andre forhold. Dvergspissmusa (Sorex minutus), som er den minste arten, er berre 3-5 cm lang (pluss 2-3 cm hale) og veg 2-6 gram. Til samanlikning kan ein elgokse ha ei skulderhøgde på 2 meter og veie 700 kilo. 

Dvergspissmus har berre ei svak overgangsstripe som skiller rygg- og bukfarge. Kroppen har ein forholdsvis lang og tjukk hale som er kledd med lengre og tettare hår enn hos vanleg spissmus. 

Dvergspissmus finn ein nesten over heile landet, men i mindre antall enn vanlig spissmus. 

I motsetnad til piggsvinet er spissmusa i aktivitet også om vinteren. Vi kan då treffe på renneforma, bukta spor i snøen, nesten som etter ein bitte liten snøplog. 

Sporet endar i eit hol, der spissmusa har gravd seg ned til ein billelarve eller noko anna godt nede i jorda. Beina er så korte at dei sjeldan set tydelege spor i snøen, men av og til kan vi sjå spor etter den lange, buskete halen. 

Spissmus har ein voldsom apetitt, og grunnen er at dei har forholdsvis stor overflate og tilsvarande stort varmetap. Dei gjer nytte ved å ete store mengder insekter og larvar, ja, av og til kan dei og drepe og ete mus som er større enn dei sjølv 

Spissmusa er stadig på farten, og vert derfor ofte tatt av rovdyr. Men mange av rovdyra et ikkje drepte spissmus, fordi dei har nokre kjertlar som utskiller eit illeluktande stoff. Ugler kan neppe ha god luktesans, for dei set gjerne til livs ei spissmus. 
.................................................................................... 
Litt : Noregs dyreliv (b. 1, 1947) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal