Ein dråpe olje er nok
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.10.2003
Eit
tankskipforlis der enorme mengder olje grisar til hav, fjordar og strender,
er ei katastrofe for natur og alt liv langs kysten. For det skal berre
ein dråpe olje til for å ta livet av ein fugl.
Olje øydelegg det vatn- og varmeisolerande fjørlaget
til fuglar, slik at dei ganske enkelt frys i hjel. Normalt er fjørdrakta
vassavstøytande ("det prellar av som vann på gåsa").
Det er det same for alle fuglar. Dei kan opphalde seg ein heil dag i plaskregn
utan å bli våte. Heller ikkje sjøfugl har problem, for
fjørdrakta held vatnet effektivt ute, og det er livsviktig.
For ein sjøfugle er det viktig at dei enkelte fjøra
held seg i ein bestemt avstand frå kvarandre.
Dersom avstanden mellom to nabofjør vert for stor
vil vatnet trenge inn. Om fjøra vert tilsølt med olje, mistar
dei den vassavstøytande og varmeisolerande evna, fordi oppbygginga
av fjøra vert øydelagt av oljen.
Dei klistrar seg saman, og sjølv ein ørliten
oljeflekk virkar som eit hol i isolasjonen som vatnet kan trenge igjennom.
Om sommaren når vatnet er forholdsvis varmt, vil
fuglen kanskje klare seg, men om vinteren betyr kulden direkte mot kroppen
den sikre død. |