"Reklamekyr" - ny vekstnæring !
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.12.2003
Kua, som i uminnelege tider har vore eit vanleg syn på
båsen, går ei usikker framtid i møte. Når fleire
og fleire gardsbruk blir nedlagt, kan løysinga bli å satse
alt på "reklamekua".
Klar for nye oppdrag
Kua har tent folk på Vestlandet trufast i uminnelege
tider. Eit sorglaust liv som mjølkeprodusent på kvar ein bås
er no i ferd med å gå over i historia. Dette skjer utan at
nokon har tiltenkt kua eit nytt meiningsfullt liv med nye oppgåver
tilpassa vårt moderne samfunn. Skal kua framleis ha ein viktig funksjon
på Vestlandet, må det snarast setjast i verk tiltak.
Turistattraksjon og guide
Bileta syner nokre idear som kan være aktuelle
innan "reklamebransjen". Som reklamemodell kan kua profilere alt mellom
himmel og jord - som klede, sminke, juggel, leppestift og tannregulering
- eller frukt og grønt på Torget i Bergen. Kua kan også
rettleie deg i kjøp av dei beste mjølkeprodukta som no kjem
fra andre kantar av landet.
Reddar turistnæringa
Når turistane sviktar, kan kua være den som
reddar stumpane både som attraksjon, modell og guide. Kua, som reklame,
kan vidareutviklast slik at ein kan marknadsføre alle produkt og
attraksjonar heile Vestlandet har å by på for turistar. Og
alt dette - sjølvsagt med "Dagros" i levande live. Det kan være
starten på ei strålande karriere som "reklameku" som kan tene
både bymann og stril.
Ein stor ressurs
Ein kan starte i det små, men med 10-15 kyr på
båsen skulle ein være godt rusta til å ta på seg
dei fleste reklameoppdrag . Har ein i tillegg ein hest, 50 sauer, nokre
høns og ein gris - ja, då skulle økonomien i det heile
være sikra, og ideen er dessutan heilt gratis.
Vi får ikkje tru det er slik samfunnet har tenkt
seg at kua skal overleve på Vestlandet i framtida,
men kven veit ?
Dagros kan, i verste fall, bli ein flott reklamemodell
som kan gje mange nye arbeidsplassar i distriktet.
Villkyrsenter
Ein annan tanke kan være å leggje tilrette
for eit villkyrsenter. Der kan alle kyrene som blir overtallige i mjølkeproduksjonen
leve som sine forfedre gjorde i gamle dagar.
Dei treng ikkje ha andre oppgåver enn å få
i seg mat, og komme når budeiene, ei anna vekstnæring, lokkar
dei heim for mjølking.
"Reklamekua" kan profilere senteret som det einaste i
sitt slag i heile Europa, og på den måten skaffe millionar
i kassen så lenge eventyret varer.
På senteret kan ein produsere ost og smør
for sal til turistane som truleg ikkje vil strøyme til i hopetal,
- men kva gjer vel det !
Samfunnet får brukt nokre titalls millionar på
eit nytt "godt" prosjekt - og "Dagros" overlever nokre år til. |