Rypa - ekspert på kamuflasje
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 11.01.2004
Ved
å forandre farge eller mønster går mange dyr i eitt
med bakgrunnen. Dyr som ikkje kan forandre farge må opphalde seg
på stader der mønster og fargar i bakgrunnen liknar på
dei. I takt med at landskapet forandrar utsjånad i løpet
av året, skiftar rypene fjær, slik at dei er best mulig kamuflert
heile tida.
Om vinteren er rypene kvite. Det er nesten umulig å
få auga på dei. Legg dei seg ned, er det vanskeleg, sjølv
på nært hald, å sjå forskjell på dei og ein
snøklump.
Om
våren når snøen smeltar og fjell og visne plantar kjem
til syne igjen, begynner rypene å skifte fjær. Akkurat som
landskapet, får dei brune flekkar i det kvite.
Om sommaren er rypene heilt brune, bortsett frå
kvite fjær i vengene og på undersida. Fjærmønsteret
liknar på plantevekstane når fuglane ligg i reira på
bakken. Når hausten kjem med den første snøen, skiftar
rypene fjær igjen. Når kvite flekkar dukkar opp i landskapet,
får rypa kvite flekkar i drakta.
Det finst tre grunnleggande former for kamuflasje:
1. Å maskere seg
Dyra dekkar seg til med det som er i naturen f.eks. tang
og tare, småstein eller det som er igjen etter det siste måltidet.
2. Gjere seg usynleg
Ved spesielle fargemønster går dyra i eitt
med bakgrunnen i det miljøet dei ferdast i.
3. Å likne noko anna
Nokre dyr gøymer seg ved å likne noko mindre
interessant. Andre lagar seg jukseforkledning. Dei ufarlege dyra kan etterlikna
utsjånad til farlige dyr og håper at rovdyra vil la dei være
i fred. Denne spesielle formen for kamuflasje kallast mimikry. |