Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

    
Shetland - fristad for sjøfuglane
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 06.10.2003

Shetlandsøyane er eit av dei mest uberørte områda på Jorda. Dei høge klippane samlar kvar sommar svermar av sjøfugl frå alle verdas kantar. Sjøfuglane held seg for det meste langt frå menneska. Her kan dei endå hekke uforstyrra. 

Dei er stadig på farten over vidstrakte hav, og det finst ikkje mange hekkeplassar der dei kan studerast på nært hald. 

Fuglane bygg reir på ei tid av året då dei kan studerast døgnet rundt, for Shetlandsøyane ligg så langt mot nord at sommarnatta aldri vert skikkeleg mørk. 

Det gylne skjæret frå solnedgangen held seg heilt til neste morgon, og lokkar fuglane til å tøye arbeidstida, medan dei langsomt flyttar seg nordover horisonten. 

Dei eldgamle sjøfuglartane - krykkje, havhest, havsule, lunde - får tankane til å fare attende i tida, men i neste augneblink kan ein gruble over korleis desse øyane vil arte seg i framtida. Kor lenge kan ein rekne med at dei får halde fram med å være skodeplass for det fasinerande fuglelivet som bestandig har utfolda seg her i hekketida. 

På kort tid har menneska gjort seg skuldig i naturforureining som trugar dyrelivet med ei alvorleg katastrofe. Mengda av giftige kjemikalier aukar i alle hav, og har forårsaka svekka formeringsevne hos mange fugleartar. Til no har Shetlandsøyane vore ein av verdas største fristad for sjøfuglane, men i framtida kan dei ikkje føle seg trygge der heller. 

Sjølv om Shetlandsøyane ligg utanfor allfarveg, må det være ei hjartesak for miljøvernarane å redde og bevare dei umistelege verdiane ein finn der. 

LITT OM NOKRE AV TREKKFUGLANE 

Havsvalen (Hydrobates pelagicus) er ein art i stormsvalefamilien, og den minste sjøfuglart i Europa, berre femten centimeter lang og på størrelse med ein taksvale. Den bygg reir i steingjerder og i dei sprukne murane etter forhistoriske borger på Shetlandsøyane (eller Hjaltland som dei gamle nordmennene kalla dei). Havsvalen hekkar og fleire plassar langs kysten av Nord-Noreg, bl.a. på Røst. 

Bilete syner Krykkja (Rissa tridactyla), -  kanskje den finaste av måseartane som hekkar på Shetland, har ekstra lange smale venger. 

Den er grå og kvit av farge, med svarte bein og vengespissar. Den flyg umåteleg lett og liksom dansande, omtrent som ei svale, og kan tilbakeleggje veldige distansar over opent hav. 

Tidleg på sommaren byggjer krykkjene reir av mose, tang og leire på små avsatsar i bratte fjellveggar. Ofte er desse berghyllene så smale at der nesten ikkje er plass til avkommet, som vert klekt i midten av juli. 

Toppskarven eller småskarven er ein strandfugl som likar seg godt under barske forhold. Den bygg eit ruvande reir av tang og tare like ved vasskanten, ofte i djupe groper eller holer der store brenningar stikk innom og helsar på. Den fiskar gjerne langt utanfor kysten på opptil 30 meters djup. Toppskarv er ein av verdas eldste fugleartar. I millionar av år, lenge før menneska viste seg, har dei fanga fisk og kvilt seg på fjellknausane med årvåkne blikk mot havet. 
 

Havhesten (Fulmarus glacialis) er den som gjer mest av seg på Shetlandsøyane - heile arkipelet er vorte som ein gigantisk havhestkoloni. Overalt kan ein sjå den halvmeter-lange stormfuglen med det karakteristiske gule nebbet, i torvmyrer, langs vegane og til fjells, og den kviar seg ikkje for å drive andre fuglar vekk. 
Havhesten finn seg ein hekkeplass alt i november, men legg ikkje egg før seint på vårparten. Legg vanlegvis eit stort, kvitt egg (sjeldan to) på berghyller og utspring. Egget vert ruga i 55 døger, den lengste rugetida hos norske fugleartar. 
Makene meddeler seg til kvarandre på ein merkeleg måte - dei opnar nebbet på utrulegt vidt gap og gir frå seg nokon gryntelydar. 
 

Rødnebbterna (Sterna Paradisaea) skaffar ornitologane hovudbry. Den har dei lengste trekkrutene av alle fuglar, frå Antarktis til Arktis eller 16-17000 kilometer, men ingen har sett den lande på havet for å kvile eller éte. Held den seg i lufta døgnet rundt, eller vaglar den seg på drivtømmer eller tangklasar ? 

Rødnebbterna er kvit, med svart hette og raudt nebb. Den er spinkel å sjå til, men voktar hekkeplassen like påpasseleg som storjoen. Når hannterna frir til hoa, skjer det ved ein svært høvisk sermoni, der hannen gir sin utkåra ein liten fisk. 
 
 
 
 
 

Svømmesnipa er den sjeldnaste av alle fugleartar som hekkar på Shetlandsøyane - det dreiar seg berre om nokre hundre par. Eit spesielt trekk ved dei er at kjønnsrollane er bytta om: - hoa har dei vakraste fargane og den som syt for kurtisen, medan hannen bygg reir, rugar egga og matar ungane. Dei sjarmerande fuglane måler berre sytten centimeter, men flyg utruleg langt for å overvintre i Sør-Afrika og på Falklandsøyane. 

Storjoen (Stercocarius skua) er ein kraftig krabat med breidt bryst og sterke venger, og ernærar seg for det meste som rovfugl. På størrelse med ei gråmåse, men med brun til svartbrun farge, og eit kvitt felt på vengene. I full fart stuper den ned mot andre og gjerne større fuglar for å ta byttet frå dei. 


Lundefuglane (Fratercula arctica) er alker, har svart og kvit kropp, 30 centimeter lange, 
og utmerkar seg med det høge samantrykte nebbet i raude og gule fargar. 

Rundt augene har dei nokre rare rynker som gir dei ein sørgmodig utsjånad. Dei er ikkje særleg redde for menneske. Vert også kalla sjøpapegøye. Legg som oftast berre eit egg. 

Havsulene (Sula bassana) er blant dei største fuglane som hekkar på Shetland. Dei har eit vingespenn på nesten to meter, veg opptil 3,5 kilo og ber den kvite fjærdrakta med verdig mine. Ein kan sjå dei i grasiøs glideflukt høgt over havet. 
Når dei får auga på fisk, stuper dei i flokk og følgje, og dei kan symje mange meter under vatn for å fange byttet. Som mange andre sjøfuglar forar dei ungane så godt at dei kan klare seg utan mat i ein månad, for så å forlate dei. Ti dagar etter vågar ungane spranget frå reiret og ned i bylgjene, der dei legg dristig på sym. Nokre veker seinare er dei langt til havs, der dei flyg og fiskar dagen lang. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal