Kvitryggspetten - Hordaland sin fylkesfugl
Forfatter: Fylkesmannen i Hordaland
Publiseringsdato: 17.06.2005
Kvitryggspetten er ein utprega vestlending, men hadde
tidlegare ei langt vidare utbreiing. I dag er vår underart av kvitryggspetten
nær sagt berre å finne på Vestlandet.
Effektivisering og mekanisering av skogbruket er viktige
årsaker til dette, ettersom arten er avhengig av rik tilgang på
dødt og døande trevirke. Dei vanskeleg tilgjengelege skogsliene
på våre kantar er framleis gode leveområde for kvitryggspetten.
Det fuktige klimaet vårt er også eit gode for denne krevjande
fuglearten.
Truleg hekkar ein stad mellom 300 og 600 par kvitryggspett
i Hordaland. Den vart valt til fylkesfugl i Hordaland i 1994 etter at folk
vart oppmoda i media av Norsk Ornitologisk Forening om å sende si
stemme. |