Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

       
Tapir - ein skapning frå fortida
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.09.2003

Tapiren har opplevd kontinent i drift, overlevd istider og sett andre artar komme og gå. Etter 40 millionar år på jorda kan kanskje berre dyrehagane redde den frå utsletting. 

Tapiren er ein av dei minst kjende skapningane på jorda. Fossil viser at den eingong held til i Kina, Europa og Nord-Amerika. 
Då klimaet vart kaldare for ein million år sidan døydde Tapiren ut på dei nordlege breddegrader. Ei grein av familien vandra sørvestover, ei annen mot søraust. I dag held tre av fire nolevande artar til i dei tropiske delane av Sør-Amerika, den fjerde i Søraust-Asia. 


Den søramerikanske tapir 

Dette merkelege dyret har nakke som ein okse, øyrer som ein hest, bakbein som eit nashorn, kropp som ein gris, snabel som ein elefant, veg opptil 350 kilo, kan kvitre som ein fugl og er raskare enn dei fleste hundar til tross for ein klumpete form. Den sym forbausande godt og kan halde seg under vatn i lang tid. 

Hest og nashorn er nære slektningar og tapiren nedstammar frå forhistoriske upartåa hovdyr som det eingong var meir enn 150 forskjellige artar av. 

Namnet har den fått frå indianarane i Amazonas sitt ord "tapiira, som betyr stort, firbeint dyr. 

Tapiren sitt mest særprega trekk er den snabelliknande snuten. Snabelen kan forlengast som eit teleskop - og denne snuten er også eit slags varslingssystem som set tapiren i stand til å oppdage fare. Det kan være nødvendig, fordi tapiren har små auge og dårleg syn. Farer som den må vokte seg mot før dei kjem innanfor synsvidda er jaguar og kvelarslange i Sør-Amerika og tiger og leopard i Asia. Tapiren held seg skjult om dagen (vanlegvis i vatnet) og et om kvelden og tidleg om morgonen. 

Den Sør-amerikanske arten er mest utbreidd. Den veg omtrent 180 kilo, har kort, strittande man og glatt, brun pels. Denne arten held til i låglandsområda frå Colombia og Venezuela sine grasdekte sumpområder og tette jungel, gjennom Amazonasbassenget til det nordlege Argentina. 

Den meir sjeldne og utrydningstrua bergtapiren held til i dei høge Andesfjella i Venezuela, Colombia, Ecuador og delar av Peru. Den veg omtrent 225 kilo. Bergtapiren har tett, mjuk og krølla pels, og godt utrusta mot kulde i opptil 4500 meters høgde i dei tropiske regnskogane. 

Den sør-amerikanske tapiren er det største ville landpattedyr i dei amerikanske tropane. Den vandrar på kryss og tvers i bratte skråningar i opptil 1800 meters høgde frå det sørlege Mexico til dei vestlege grensetraktene i Colombia og Ecuador. 


Skaberakktapiren med sin karakteristiske kroppsfarge. 

Størst av alle artar er den 350 kilo tunge indiske Skaberakktapiren som lever i tropiske regnskogar og sumpområder i Burma, Thailand, Malaysia og Sumatra. Den svarte kroppen er nesten delt i to av ein sølvkvit pelskrans som går frå skuldrane og endar halvvegs nede på enden. I naturen er dette ein beskyttelsedrakt som bryt den to meter lange kroppen sine linjer og gjer den nesten usynleg i dei djupe skuggane i skogen. 

Tapiren er ein einstøing og blandar seg sjeldan med andre, sjølv ikkje sine artsfrendar. Dei slår seg saman to og to berre for å parre seg. Etter 13 månader vert ungen født, og det vert skjeldan meir enn ein unge om gongen. 

Heldigvis formerar Tapiren seg også i fangenskap og lever til den vert omtrent 30 år. 

Tapiren, som har sett kontinent i endring og alpane bli til, kan komme til å forsvinne frå sine naturlege områder på grunn av sin naturlege fiende nummer ein: nykomlingen menneske. 

Sjølv om Tapiren av og til kan klare seg bra i fangeskap, vil det være trist om dei zoologiske hagane skal bli dette dyret sin siste tilfluktsstad. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal