I trav og galopp
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 29.11.2003
Rundt
om i verda finst det mange hesteraser som blir delt inn i større
grupper, dels etter opphav og dels etter størrelse og bruk, - ei
inndeling i "kaldblod" og "varmblod".
Med "kaldblod" meinar vi opprinnelege, stadeigne hesteraser
som ikkje i større grad har vore gjenstand for foredling. Til desse
høyrer bl.a. våre to hesteraser - dølahesten og fjordhesten.
Les meir om dei HER
Med "varmblod" meinar vi derimot hesteraser som gjennom
generasjonar er blitt systematisk foredla ved krysning med orientalsk blod.
Hensikta med dette har vore å få fram hestar for spesielle
formål, som lette køyrehestar, militærhestar, galopphestar
og travhestar. Galopphesten er engelsk fullblod, som igjen dannar opphavet
til mange halvblodsraser. Den mest kjende halvblodsrase er den amerikanske
travar, som er ei domerande travhestrase overalt i verda.
Hestesporten har gjennomgått ei stor utvikling frå
oldtidas hestekampar - gjennom primitive galoppløp og isbanekøyring
- til det den er i dag. Det er bygd mange baner rundt om i landet. Bjerkebanen
var ferdig alt i 1928, og med den vart det innført totalisator.
Det året var det 100 hestar til start.
Det første organiserte travløp var i Bjørvika
i Oslo i 1832. Hundre år seinar, i 1932 vart det bygd ei moderne
veddeløpsbane på Øvrevoll. Det Norske Travselskap vart
skipa i 1874.
Det er omfattande og strenge reglar for travløp.
I desse er det gjort nøyaktig greie for alle forhold under løpa.
Dei skal bl.a. foregå i "reint trav", dvs. at hesten skal setje det
diagonalt motstilte beinpar - høgre forbein og venstre bakbein eller
omvendt - samtidig i bakken. Utanom dette "idealtrav" er det ulike typar
av beinføring som kallast "ureint", og som kan føre til at
hesten blir diskvalifisert. |