Trompetsignal frå urtida
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.10.2003
Mammut,
elefanten sin næraste forgjengar, var eit istidsdyr som levde over
heile den nordlege halvkula samtidig med steinaldermenneska. Den levde
også i Noreg.
Mammuten var nær beslekta med den nolevande indiske
elefanten. Den hadde ei mankehøgde på ca. 4 meter, og hadde
tett, raudbrun pels med enkelte svarte hår. Hovudet og rygg var forsynt
med ein fettpukkel. Mammuten hadde små øyrer og kort snabel.
Støttennene, som var svært krumbøygd, hadde lengder
hos hannen på opptil 5 meter og vog mellom 80 og 100 kilo.
Mammuten var eit utprega tundradyr som livnærte
seg av plantar. Under siste istid var den å finne i Nord- og Mellom-Europa,
Nord-Asia og Nord-Amerika.
Det er gjort ei mengde funn av mammutskjelett. I den evige
telen i Sibir er det også funne heile mammutskrottar, som er bevart
i djupfryst tilstand. I ein mammutkjeve som vart funne i Sentral-Europa,
sat det fastkilt ei steinalderøks.
I Noreg er det gjort 12 funn av mammut. Det dreier seg
om tenner og knoklar som hovudsakleg er funne i Gudbrandsdalen og i områder
rundt Mjøsa. |