Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

   
Kan svarttrosta høyre makken ?
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 18.10.2003

Du har sikkert sett at svarttrosta legg hovudet på skakke som om den lyttar etter makk i jorda. Er fuglen verkeleg i stand til å høyre småkrypa, eller har det andre grunnar ? 

Hørselen hos fuglane er godt utvikla, men det er nok tvilsomt om svarttrosta er i stand til å oppfange lyd frå ein makk eller ei bille som kryp under blad eller mellom røttene til plantar. Meir sannsynleg er det at svarttrosta legg hovudet på skakke for å sjå byttet sitt litt betre. 

Hos dei aller fleste fuglar sit augene ikkje framme på hovudet, men på sida. Det gir større synsfelt og betre muligheit til å halde auga med fiendar. Til gjengjeld ser fuglen dei enkelte ting med berre eit auga. Dette kallast monokulært syn. Den delen av synsfeltet som er dekka av begge augene - det binokulære synsfelt - er svært lite, og det er berre dei færraste fuglar som kan rette augene mot ein gjenstand slik som f.eks. menneska kan gjere. 

Svarttrosta kan ikkje snu augene framover, og må derfor dreie heile hovudet for at bildet av gjenstanden - ei bille eller makk -skal bli oppfanga og avteikna. Og ikkje minst avteikna nettopp i det området midt på netthinna der sansecellene ligg spesielt tett, og der det skarpaste synet er. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal