Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

     
Frå villdyr til husdyr
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 29.10.2003

Fedrift er ein urgamal næringsveg. Den starta då folk lærte seg å fange dyr levande, og hadde råd til å la være å slakte og ete dei med det same. 

Den viktigaste grunnen til at menneska begynte å halde husdyr, var at dei på ein enkel måte kunne skaffe seg mat. I tillegg til kjøtt og mjølk gav dyra også varm hud og ull som kunne bli til klede. 

Etter kvart vart dyra også brukt som laste- og trekkdyr. Det betydde mykje for nomadane, men kanskje endå meir for jordbrukarane, som etterkvart kunne setje bort hakke og spade og i staden spenne oksane for plogen. 

Vår tids storfe stammar frå den ville, langhorna uroksen. Korleis det gjekk til at menneska klarte å temme dette dyret, veit vi ikkje. 

Andre ville dyr søkte nok også av seg sjølv til menneska sine buplassar. Ville svin, som rota i avfallshaugane, vart etter kvart tamme. 

Ein teori går ut på at uroksen åt seg feit på åkeren etter at kornet var skore, og på den måten vart meir avhengig av menneska. 
Ein annan teori hevdar at temming fann stad på grunn av jakta. I eldre steinalder levde menneska mest av jakt. Det hendte at jegerane fanga ville ungdyr for å bruke dei som lokkedyr, og etter kvart oppdaga dei at dei dermed hadde skaffa seg firbeinte spisskammer. 

Den eldste fedrifta utvikla seg truleg omkring fem tusen år f. Kr. i fjelltraktene øst for Middelhavet, der det levde ville former for storfe, sauer, geit og svin. Til å begynne med hadde ein husdyr for å gjere seg nytte av kjøttet og huda, men etterkvart oppdaga ein at også mjølka frå visse dyreartar var god føde. Ved systematisk avl vart den ville kua etter kvart forvandla til ein føyeleg mjølkeprodusent. 

Husdyra gav også gjødsel til åkeren. I ei tid då all jord framleis var felles eigedom, vart ein familie sin rikdom rekna etter antall husdyr. Eit minne om det har vi framleis i ordet pekuniær, som kjem av det latinske ord for fe. 

Fedrift har vore ei hovudnæring i Noreg heilt sidan yngre steinalder, ikkje minst på grunn av seterdrifta og dei vidstrakte fjellbeita. 

Ekstensivt og intensivt 
Fedrifta var opprinneleg ekstensiv, det vil sei at dyra stort sett fekk skjøtte seg sjølv og skaffe seg mat på eiga hand. Heile arbeidet for menneska bestod i å drive flokkane frå det eine beitet til det andre. 

Det motsette er intensiv fedrift som er innstilt på maksimal mjølke- og kjøttproduksjon, noko som bl.a krev rasjonell, vitskapleg utarbeida foring. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal