Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

   

        
Vinter i dyreriket
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 14.11.2003

Dyra våre greier seg gjennom den kalde og matknappe årstida på ulik vis. Mange av artane går i hi i mange månader, medan andre må ta på kamuflasjedrakt, for å unngå fiendar. 

Kalendarisk omfattar vinteren på den nordlege halvkule månadene desember, januar og februar. Klimatisk går den derimot over det tidsrom der døgnet sin middeltemperatur ligg under 0 grader, altså ved den temperaturen då vatn normalt går over til is. Alt etter forholda innrettar dei ulike artane seg på mange vis. 

Om høsten går landbjørnen i hi i ei grop med god ventilasjon. På eit enkelt underlag av mose og kvistar søv den utover til april eller mai. Det er ein forlenga nattesøvn med normal kroppstemperatur, og det er ganske lett å vekkje bjørnen. 
Isbjørnen streifar vanlegvis omkring heile året, men kan ta seg lengre soveperiodar når været er dårlig. Isbjørnen søv lett, og forskjellen mellom sommar og vinter i polartraktene er ikkje så stor. 

Snøen isolerar godt og vernar plantar og dyr som overvintrar i jorda mot forfrysning. Is isolerar dårleg, og ved barfrost kan telen gå djupt. 

Mange insekt og krypdyr ligg og i dvale, godt gøymd nede i jorda, i barken på trea osv. Også varmblodige dyr som flaggermus og piggsvin ligg i dvale. Kroppstemperaturen er då så låg at det er nesten umuleg å vekkje dei. Ein del innsekt overvintrar som egg, larvar eller puppar. 

Når isen legg seg på innsjøar, minkar tilgangen på oksygen i vatnet. Fiskane kan ofte tåle ganske låge temperaturar. Nokre er i bevegelse heile vinteren, medan andre døsar nær botnen. Vert isen for tjukk, kan fiskane døy av oksygenmangel. Selen må ha tilgang til pustehol i isen for ikkje å drukne. Ein del amfibiar grev seg ned i gjørma før vinteren set inn. 

Slangar ligg ofte samanslynga i hol i jorda for å halde temperaturen nokonlunde oppe. 

Er vinteren hard for mange, er den til gjengjeld, for ein del artar, eit vilkår for deira normale utvikling. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal