Ei dramatisk ferd
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 11.10.2005
19.
mai 1845 forlet to skip England med 134 mann ombord. Leiaren var den kjende
polarforskar og admiral John Franklin. Målet var å finne Nordvestpassasjen,
sjøvegen nordom Amerika.
26. juli vart skipa sett av ein kvalfangar i Baffinsbukta.
Etter det forsvann alle spor. Mange hjelpeekspedisjonar vart sendt ut,
men nokre dagbøker var det einaste som vart funne. Dei fortel at
skipa fraus fast i isen nord for Kong Williams land i 1846.
John Franklin døydde i 1847. Året etter drog
resten av mannskapet (105 mann) sørover. Alle omkom av uttmatting
og svolt. "Dei fall ned og døydde medan dei gjekk," fortalde ei
eskimokvinne i ettertid.
Denne ferda er vel den mest tragiske i polarforskinga
si historie. |