Første mann på "Verdas tak"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 20.04.2006
I 1953 gjorde Edmund Hillary ei bragd som for alltid vil
bevare hans namn i historia. 29. mai sto han på "Verdas tak", Mount
Everest, saman med sherpaen Tenzing Norkey frå Pakistan.
Edmund Hillary vart født på New Zealand i
1919. Han vart tidleg interessert i fjellklatring og andre dristige idrettar;
bl.a. var han ein av pionerane innan skiidretten i heimlandet.
Under den 2. verdskrig gjorde han teneste som flygar i
Stillehavet.
Før Hillary, med den britiske Himalaya-ekspedisjonen
i 1953, gjorde framstøyt mot Mount Everest - var ha allereie kjent
som ein av verdas dyktigaste og dristigaste fjellklatrar.
6. juni s.å. gjorde den britiske dronninga det kjent
at ho ville adle han og oberts John Hunt - som var leiar for denne vågale
ekspedisjonen - for deira innsats.
15. juni vart Sir Edmund Hillary tildelt Nepals høgaste
utmerking. Då han kom til Europa saman med dei andre som hadde vore
med på Mount Everest-ekspedisjonen fekk han ein overveldande hyllest
i land etter land. Sigeren over verdas høgaste fjelltopp vart sett
på som historias største idrettsbragd. Sir Edmund Hillary
besøkte også Noreg på si foredragsferd.
Himalaya har alltid vore eit lokkande mål for fjellklatrarar
- nettopp fordi den er mest utilgjengeleg av alle fjellkjedar på
jorda - og difor byr på dei største utfordringane.
I denne ville fjellkjeden er det fleire høge fjell
enn noko anna stad på jorda - og av fleire toppar over 8000 meter,
ragar Mount Everest høgast med sine 8882 meter.
Det var som det skulle være at ein britisk ekspedisjon
hausta denne triumfen. Heilt sidan tidleg på 1920-talet hadde den
eine ekspedisjonen etter den andre frå den britiske Himalaya-komitéen
gått til angrep på den berømte toppen. Sigeren hadde
kosta mykje slit og mange menneskeliv.
Andre kom etter
Berre vel ein månad etter at Hillary og Tenzing
Norkey hadde slite seg til toppen av Mount Everest, sto østerikaren
Hermann Buhl, medlem av ein tysk-østerisk ekspedisjon, på
toppen av det 8125 meter høge fjellet Nanga Parbat i det såkalla
Karakoram-Himalaya.
I 1954 var det også stor virksomheit i Himalayas
fjell. Den viktigaste var utvilsomt bestigninga av K-2, også kjent
under namna Lamba Pahar og Mount Godwin Austen - som med sine 8611 meter
er jordas nest høgaste fjell. |