Kon-Tiki-ekspedisjonen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.11.2003
Med ei oppsiktsvekkjande ferd mot vest over Stillehavet
ville Thor Heyerdahl bevise at polynesarane, bl.a. innbyggarane på
Tahiti og Marquesaøyane, delvis stammar frå Sør-Amerika.
Kon-Tiki-ekspedisjonen var ei forskningsferd på
ca. 8000 km som etnologen Thor Heyerdal gjennomførte saman med 5
kamerater på ein balsaflåte 28/4 - 7/8 1947. Ferda gjekk over
Stillehavet frå Callao i Peru til dei dei stranda på Raroia-revet
på ei aude øy i Tuamotu-gruppa i Polynesia.
Dei fem som var med Heyerdal på ekspedisjonen var
nordmennene Herman Watzinger (flåtens konstruktør), Knut Haugland,
Erik Hesselberg og Torstein Raaby, og den svenske etnograf Bengt Danielsson.
Flåten blei bygd av balsatre og bambus, som ein
kopi av dei balsaflåter dei peruvianske indianarane frå før
spansketida benytta gjennom århundrer.
Flåten fekk namnet Kon-Tiki etter inkaene sin solgud
Con Tiki Viracocha som er omtala i peruvianske sagn.
Hensikta med ferda var å bekreft Heyerdal sin teori
om at Polynesia kan ha vore kolonisert av indianarar frå Sør-Amerika
som let seg drive med straum og vind på flåter over Stillehavet.
Forskningsferda hadde, og vakte stor interesse, og er
omtala i Heyerdal sine bøker : Kon-Tiki-ekspedisjonen (1948) og
American Indians in the Pacific (1952).
Sidan 1950 har flåten vore oppbevart og utstilt
i ein eigen museumsbygning på Bygdøy i Oslo.
Kon-Tiki-ekspedisjonen var ein suksess, og gjorde Thor
Heyerdahl verdsberømt. Dokumentarfilmen frå ekspedisjonen
blei belønna med ein Oscar-pris i 1951. Boka om ferda blei omsett
til over 70 språk, og det blei ei stund hevda at berre Bibelen hadde
hatt eit større samla opplag.
Heyerdal sitt forskningsarbeid på Galapagosøyane
og Påskeøya har også gitt resultat som kan støtte
teorien om at ein emigrasjon til Stillehavsøyane kan ha funne stad
ved hjelp av havstraumane. |