Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Ekspedisjonar
 

   

 
Polarskuta «Maud»
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 26.09.2006

Dei to polarskutene, «Gjøa» og «Fram», er godt bevart for ettertida i det historiske, maritime miljøet på Bygdøy, men «Maud» fekk ein annan og langt mindre gloriøs skjebne. 

«Maud» vart bygd hos båtbyggjar Chr. Jensen i Vollen i Asker. Den var konstruert spesielt for Roald Amundsen sin ekspedisjon gjennom Nordaustpassasjen. 

Båten vart sjøsett i juni 1916 og døypt av Amundsen sjølv ved at han knuste ein iskump mot skutesida: - Det er ikke min akt å håne den edle drue. Men allerede nå skal du få føle litt av ditt rette element. For isen er du bygget, og i isen skal du tilbringe din beste tid, og der skal du løse din oppgave. Med vår dronnings tillatelse døper jeg deg «Maud» 

«Maud» vart bygd i tre og hadde desse dimensjonar: 
Lengde: 36,5 m 
Breidde: 12,3 m 
Djuptgåande: 4,85 m 
Tonnasje: 292 registertonn 
Motor: 240 HK Bolinder semidiesel 

Etter gjennomsegling av Nordaustpassasjen, som varte fra 1918 til 1924, enda «Maud» i Nome i Alaska i august 1925 og vart selt for Roald Amundsen sitt konkursbo. 

Kjøpar var Hudson´s Bay Company, som gav den nytt navn «Baymaud» og brukte skuta til transport langs nordkysten av Amerika og Canada. Etter ei tid vart ho redusert til radiostasjon og varelager. 

Dei to andre polarskutene, «Gjøa» og «Fram», er godt bevart for ettertida i det historiske, maritime miljøet på Bygdøy, men «Maud» fekk ein annan og langt mindre gloriøs skjebne. Båten enda sine dagar som vrak på ein strandkant i Cambridge Bay på sydsida av Victoria øya nord for Canada. Der ligg ho no på sjøbotnen etter at ho sank i 1930, og er eit interessant objekt for dykkarar som driv med maritim arkeologi 

Det har frå tid til annan heva seg røyster for å berge restane og frakte dei heim til Noreg, men kvar gang forslaget er sett frem er det sett på som ei praktisk og økonomisk umuleg affære. 
Kjelde: no.wikipedia.org 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal