Nordpolekspedisjonar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 25.09.2003
Ekspedisjonane omfattar i vidaste forstand ferder som
har hatt til formål å oppdage og utforske hav- og landområda
omkring Nordpolen. Mange mista livet. Berre i tida 1900-38 omkom over 200
mann.
Den eldste beretninga om slik oppdagingsferd fortel at
Pyteas frå Massalia (Marseille) fekk sjå "størkna" hav,
då han ca. 325 f. Kr. besøkte dei skotske øyar og Thule
(sannsynlegvis Noregs kyst).
Irske einebuarar oppdaga Færøyane noko før
år 700 og Island før 800. Nordmenn kom ca 100 år seinare
til begge desse landa. I slutten av 9. århundre nådde Ottar
fram til Kvitsjøen, i 982 nådde den islandske storbonden Eirik
Raude Sørvest-Grønland, og i år 1000 fann Leif Eiriksson
Vinland (N-Amerika).
Etter oppdaginga av Svalbard i 1194 kjende nordmenn dei
isfrie områda frå Kvitsjøen og sannsynlegvis Novaja
Zemlja til Newfoundland og opp i Baffinbukta. Kjennskapen til det meste
av disse områda avtok etterkvart inntil omkring 1500.
John Cabot gjenoppdaga N.-Amerika (Labradorkysten) i 1497,
og brørne Cortereal 1501-03 Baffinøya.
I det 16. århundre stengde Spania og Portugal sjøvegen
til India sør om Afrika og Amerika for andre nasjonar. Desse tok
då til å søkje etter nye sjøvegar nord om kontinenta
- Nordøst- og Nordvestpassasjen. Dette vart starten til ei lang
rekkje
ekspedisjonar som med kortare avbrot har helde fram til
vår tid, med dei amerikanske ubåtane "Nautilus" og "Skate"
si kryssing av Polhavet under isen i 1958 som eit klimaks.
Det har kosta store offer. Berre i tida 1900-38 omkom
over 200 mann. Ved den største katastrofen, Franklin-ekspedisjonen
1845-48, omkom 129 mann - og over 40 leiteekspedisjonar vart sendt ut.
I "Polaråra" 1882/83 og 1932/33 og "Det geofysiske
år" 1957/58 vart det sendt ut særleg mange ekspedisjonar som
oppretta forskningsstasjonar. Desse har medvirka til mykje vitenskapleg
informasjon om polarforhold.
NORDPOLEKSPEDISJONAR
Oversika er inndelt i ekspedisjonar til :
Nordøstpassasjen
Nordvestpassasjen
Nordpolen (og Øst-Grønland)
NORDØSTPASSASJEN
1553 - 54
Hugh Willoughby - ekspedisjon til Novaja Zemljas vestkyst.
1594
Willem Barents - ekspedisjon til Novaja Zemljas vestkyst.
1595
Willem Barents m. fl. - ekspedisjon til Karasundet (Karaporten)
1596
Willem Barents og J. Rijp - ekspedisjon til Bjørnøya,
Vest-Spitsbergen, 80 gr. n.br.
1633 - 1702
Sibirske kosakker - Utforska kysten Lena - Kolyma, Anadyr.
1725 - 30
Vitus Bering - Ekspedisjon til Beringstredet, til 67
gr. 17´ n. br.
1734 - 43
Vitus Bering - "Den store nordiske ekspedisjon", utforska
Sibir, kartla kysten, oppdaga delar av Alaskas sørkyst og Aleutene.
1863
Elling Carlsen - Segla omkring Nordaustlandet.
1865
N. F. Rønnbeck - Ekspedisjon til Frans Josef land.
1869 - 72
Norske selfangarar - Fangstturar i Karahavet.
1872 - 74
Karl Weyprecht / Julius Payer - Tegetthoffekspedisjonen,
Frans Josef land - nordpolkysten.
1874
J. Wiggins - Opnar handelen på Jenisej og Lena.
1878
E. Johannesen - Rundt K. Tsjeljuskin.
1878 - 80
A. E. Nordenskiöld - "Vega" ekspedisjonen gjennom
Nordøstpassasjen.
1894 - 1914
Russisk hydrografering - Barentshavet og Karahavet.
1910 - 15
Russisk hydrografering - Beringstredet til K. Tsjeljuskin.
1918 - 25
Roald Amundsen / H. U. Sverdrup - "Maud"-ekspedisjonen
i Nordøstpassasjen og mislukka driftsforsøk over Polhavet.
1932
O. Schmidt - "Sibirjakov", Nordøstpassasjen på
ein sesong.
1934
W. Wiese - "Lütke" gjennom Nordøstpassasjen
ø - v.
1940
Robert Eyssen - "Komet" gjennom Nordøstpassasjen
på 15 døgn.
-------------------------------------------------------------------------------------------
NORDVESTPASSASJEN
1576 - 78
Martin Frobisher - Hudsonsundet.
1587
John Davis - Baffinbukta til 73 gr. n. br.
1610
Henry Hudson - Hudsonbukta.
1631
L. Fox / Th. James - Foxbassenget.
1778 - 79
James Cook - Alaskakysten til 70 gr. 44' n. br.
1819 - 20
W. E. Parry - Lancastersundet, Melvillesundet.
1819 - 22 og 1825 - 28
John Franklin - Coronationbukta til 150 gr. v. l., med
båt og slede.
1829 - 33
John Ross - Med første dampskip, "Victory" i polarekspedisjonar
til Boothiahalvøya. Oppdaga den magnetiske nordpol i 70 gr. 5' n.
br. 96 gr. 46' v. l.
1837 - 39
G. Simpson / P. Dease - Beviste Nordvestpassasjen sin
eksistens.
1845 - 49
John Franklin - Kong Williamøy. Alle 129 omkom.
1848 - 70
Over 40 ekspedisjonar - Leiting etter Franklinekspedisjonen.
1850 - 51
E. J. De Haven / S. P. Griffin - Første amerikanske
ekspedisjon. Grinnelland til 75 gr. 25' n. br.
1850 - 53
Robert Mc'Clure - Første gjennom Nordvestpassasjen
med skip og slede.
1853 - 53
Edward Belcher - Wellingtonkanalen.
1860 - 61
I. I. Hayes - Sledeferd V-Grønland til 81 gr.
35' n. br.
1903 - 05
Roald Amundsen - "Gjøa"-ekspedisjonen, første
gjennomsegling.
1944
H. A. Larsen - "St. Roch", gjennom Nordvestpassasjen
på ein sesong.
1955 - 57
U. S. Hydrographic Office - Opplodding i Nordvestpassasjen.
---------------------------------------------------------------------------------------------------
NORDPOLEN OG ØST-GRØNNLAND
1607
Henry Hudson - Øst-Grønland til 73 gr.
n. br. / 81 gr. n. br. ved Spitsbergen.
1616
W. Baffin / R. Bylot - Baffinbukta til 78 gr. n. br.
1822
W. Scoresby jr. - Øst-Grønland mellom 69
gr. og 74 gr. 20' n.br.
1827
W. E. Parry - Nordaustlandet til 82 gr. 45' n. br. Sledetur.
1869 - 70
Karl Koldewey - Germaniaekspedisjon. Øst-Grønland
til 77 gr. 2' n. br.
1871 - 73
CH. F. Hall - Robesonsundet (Vest-Grønland) til
82 gr. 26' n. br.
1875 - 76
Georg Nares - Grantland. Markham med sledetur til 83
gr. 20' n. br.
1879 - 82
G. De Long - "Jeanette"-ekspedisjonen, frå Beringstredet.
Båter til 77 gr. 43' n. br.
13 av 33 overlevde.
1888
Fridtjof Nansen - Kryssa Grønlands innlandsis.
1891 - 92
R. E. Peary / E. Astrup - Kryssa Nord-Grønlands
innlandsis.
1893 - 96
Fridtjof Nansen - "Fram"-ekspedisjonen si drift over
Polhavet, Ny-Sibirøyane, 85 gr. 56' n. br. Svalbard.
Nansen og Johansen på ski til 86 gr. 4' n. br.
Frans Josef land.
1897
S. A. Andrée - Ballong örnen", Virgohamna
- Polhavet.
Omkom. Vart funnen på Kvitøya i 1930.
Les meir
1898 - 1902
Otto Sverdrup - 2. "Fram"-ekspedisjon. Vart stoppa av
isen i Smithsundet. Oppdaga og kartla Sverdrupøyane.
1898 - 1902
R. E. Peary - Sledetur Grønlands nordkyst til
83 gr. 50' n. br.
1905 - 06
R. E. Peary - Sledetur Ellesmerøya til 87 gr.
6' n. br.
1907 - 09
Frederick Cook - Sledetur Smithsundet - Nordpolen (Omtvista).
1908 - 09
R. E. Peary - Sledetur Ellesmerøya - Nordpolen
7/4 09.
1925
Roald Amundsen / L. Ellsworth - Fly, N24 og N25, Ny-Ålesund
til 87 gr. 44' n. br.
Nødlanda, retur med 1 fly.
1926
E. Byrd - Fly Ny-Ålesund - Nordpolen og retur.
1926
Roald Amundsen / L. Ellsworth / Umberto Nobile - "Norge"-ekspedisjonen.
Første transpolare flygning, Ny-Ålesund - Teller.
1928
Umberto Nobile - "Italia"-ekspedisjonen. Ny-Ålesund
- Fr. Josefs land og Ny-Ålesund - Grønland - Nordpolen. Omkom.
1931
Hubert Wilkins / H. U Sverdrup - "Nauilus", første
ubåtforsøk under polisen. Innskrenka til kort tur nord for
Spitsbergen.
1937 - 38
I. Papanin - På isflak frå Nordpolen 70 gr
54' n. br. ved Øst-Grønland.
1937
S. Levanevskij m. fl. - Fleire russiske transpolare flygingar.
1937 - 38
Russiske isbrytarar - "Sedov" og "Malygin" i ufrivillig
drift over Polhavet. "Sedov" nådde 86gr. 26' n. br.
1948
Russiske fly - Startar landingar på isen i Polhavet
og utfører loddingar.
1950
Russiske fly - Russiske drivisstasjonar for vitenskaplege
observsjonar.
1952
J. O Fletcher / Kåre Rodahl - Første drift
på, T3 (Fletcher Island), i Polhavet nord for Canada.
1953
SAS (Scandinavian Airlines System) opnar første
passasjerflyrute over Polhavet.
1958
W. R. Anderson / J. Calvert - "Nautilus" og "Skate",
dei første ubåtar som kryssa Polhavet. |