Sydpolekspedisjonar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 24.09.2003
Ekspedisjonane omfattar dei ferder som er gjort for å
utforske dei sørlege polarområda. Til å begynne med
søkte ein etter det legendariske "Terra Australis Incognita", det
ukjente sydland, med sikte på komersiell utnytting.
Fangst på kval og sel i havet, ga støtet
til ei rekkje ekspedisjonar som førte til fleire landoppdagingar.
Seinare begynte den vitenskaplege utforskinga. Dei norske
ekspedisjonane, sendt ut av konsul Lars Christensen i åra 1927 til
1937, dreiv ved sida av kvalfangst leiting etter nytt land som delvis vart
kartlagt frå fly. Vitenskaplege observasjonar vart også utført
i stor utstrekning.
Desse ekspedisjonane la grunnlaget for den norske anneksjon
av Dronning Maud Land, frå 20 grader v.l. til 45 grader ø.l.
i 1939.
Dei seinare års vitenskaplege utforskning av Antarktis
kulminerte i eit mektig internasjonalt samarbeid i forbindelse med Det
internasjonale Geofysiske år 1957-58.
Sydpolekspedisjonar
1738 - 39
J. B. C. Bouvet de Lozier oppdaga Bouvetøya.
1771 - 75
James Cook segla rundt Antarktika så langt som
mulig.
1819 - 20
Edvard Bransfield oppdaga øyane på vestkysten
av Palmerhalvøya.
1819 - 21
Thaddeus Bellingshausen segla rundt Antarktika og oppdag
bl.a. Peter I øy.
1820 - 21
N. B. Palmer oppdaga Palmerhalvøya el. øyar
utanfor.
1830 - 32
John Biscoe segla rundt kontinentet og oppdaga Enderby
land og delar av Palmerhalvøya som han kalla Graham Land.
1837 - 40
J. S. C. Dumont d'Urville undersøkte Sør-Orknøyane,
Sør-Shetland og øyane vest for Palmerhalvøya. Oppdaga
Adélie Land.
1834 - 40
Charles Wilkes oppdaga Wilkes Land med Knox kyst.
1839 - 43
James Clark Ross trengte gjennom drivisen og oppdaga
Rosshavet og is-shelfen og utforska Victoria Land.
1892 - 93
C. A. Larsen på "Jason" trengte inn i Weddellhavet,
samla dei første fossiler frå Antarktis og oppdaga øyar
i vest.
1893 - 94
C. A. Larsen oppdaga Oscar II kyst.
1894 - 95
Leonard Kristensen gjorde den første landgang
på det antarktiske kontinent på Kapp Adare.
1897 - 99
A. deGerlache på "Belgica" kartla vest for Palmerhalvøya,
vart liggande fast i isen og dreiv i 12 månader sør for Peter
I øy. "Belgica" var det første fartøy som overvintra
i Antarktis.
1898 - 99
Carl Chun på "Valdivia" oseaografiske ferd som
bl.a. bestemte Bouvetøya sin posisjon nøyaktig.
1898 - 1900
C. E. Borchgrevink på "Southern Cross" overvintra
for første gong på kontinentet. Undersøkte Ross is-shelf
på ei sledeferd.
1901 - 03
Otto Nordenskjöld på "Antarctic" kartla Palmer-halvøya
og overvintra der.
1901 - 03
E. von Drygalski på "Gauss" oppdaga Keiser Wilhelm
II kyst.
1901 - 04
R. F. Scott på "Discovery", den første større
ekspedisjonen på land. Sledeparti til 78 grader sørleg bredde.
Undersøkte kysten av Victoria Land og overvintra der.
1902- 04
W. S. Bruce på "Scotia" oseanografisk undersøkelse
i Weddellhavet, oppdaga Coats Land.
1903 - 05
J. B. Charcot på "Franqais" kartla vestkysten av
Palmerhalvøya.
1907 - 09
E. H Shackleton overvintra på Rossøya i
Rosshavet, sledeferd til 88 grader 23´s bredde.
1908 - 10
J. B. Charcot på "Pourquoi Pas?" kartla og overvintra
vest for Palmerhalvøya.
1910 - 12
Roald Amundsen med "Fram" overvintra på Rossbarriéren.
Fem mann nådde Sydpolen 14/12 1911, oppdaga Dronning Maud fjellkjeden.
Presterud foretok sledereise til Edvard VII halvøy. Les artikkel
1910 - 12
W. Filchner på "Deutschland" oppdaga Luitpold kyst
og Filchner is-shelf.
1910 - 13
R. F. Scott på "Terra Nova" overvintra på
Rossøya, fem mann nådde Sydpolen 18/1 1912, men alle omkom
på heimvegen.
Gjorde undersøkelsar i Victoria Land.
1911 - 14
Douglas Mawson på "Aurora" oppdaga og utforska
Dronning Mary kyst og Georg V kyst, landpartier. Overvintra.
1914 - 17
E. H. Shackleton på "Endurance" oppdaga Caird kyst.
Skuta i drift i Wedellhavet og skrudd ned. Folka vart redda etter store
strabasar.
1927 - 28
Håkon Mosby og Harald Horntvedt på "Norvegia"
annekterte Bouvetøya for Noreg 1/12 1927.
1928 - 29
Ole Olstad og Nils Larsen på "Norvegia" annekterte
Peter I øy for Noreg 2/2 1929.
1928 - 30
R. E. Byrd overvintra på Ross is-shelf i "Little
America". Med fly til Sydpolen 29/11 1929.
1929 - 30
Hj. Riiser-Larsen og Nils Larsen kartla kysten av Enderby
Land, oppdaga og kartla Kronprins Olav kyst og Kronprinsesse Märtha
kyst.
1929 - 31
Douglas Mawson på "Discovery" kartla kysten frå
45 gr. til 75 gr. øst. lengde.
1930 - 31
Gunnar Isachsen, Hj. Riiser-Larsen og Nils Larsen på
"Norvegia" oppdaga og annekterte Prinsesse Ragnhild kyst, omsegla heile
kontinentet. Andre norske kvalfangstskuter undersøkte og Lars Christensen
kyst.
1932 - 33
Hj. Riiser-Larsen landa ved Riiser-Larsenhalvøya
for å foreta ein sledereise langs kysten til Wedellhavet, men isen
dei låg på braut opp og dreiv til havs. Dei vart redda av ei
kvalfangstskute.
1933 - 34
Lars Christensen flaug over L. C. kyst og Mac-Robertson
kyst og oppdaga Kong Leopold og Dronning Astrid kyst.
1933 - 35
R. E. Byrd overvintra i "Little America", utstrakt kartlegging
av fjella i sør og øst.
1934 - 35
Klarius Mikkelsen oppdaga og kartla Ingrid Christensen
kyst.
1935 - 36
Lincoln Ellsworth, transkontinental flytur frå
Palmerhalvøya til Hvalfiskbukta.
1936 - 37
Lars Christensen og Hj. Bråvold langs kysten av
Dronning Maud Land og lenger østover. Widerøe og Romnes fotograferte
fjella Sør-Rondane frå fly.
1938 - 39
Paul Ritscher med "Schwabenland" langs kysten av Dronning
Maud Land og fotografering frå fly av fjella mellom 14 gr. v.l. og
15 gr. ø.l.
1939 - 41
R. E. Byrd "Operation Highjump", utstrakt flykartlegging
rundt heile kontinentet.
1947 - 48
Finn Rønne, kartlegging av Palmerhalvøya.
1949 - 52
Norsk-britisk-svensk ekspedisjon til Dronning Maud Land
med hovudbase "Maudheim", leia av John Giæver. Kartla med fly og
sledepartier det vestlege Dronning Maud Land.
1955 - 60
I forbindelse med Det internasjonale geofysiske år
1957-58 deltok 12 nasjonar med ein eller fleire ekspedisjonar til Antarktis.
Av desse bør namnast:
1958 - 59
Norsk flykartleggingsekspedisjon under leiing av B. Lunce,
med personell frå Flyvåpenet. Flyfotografering av fjella i
Dronning Maud Land.
1959 - 60
Norsk ekspedisjon under ledelse av Sigurd Helle med hovudbase
i "Norway Station", Dronning Maud Land, bl.a. kartlegging av fjella med
sledepartier. |