Først på Sydpolen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.06.2003
Den 19. oktober 1911 la 5 mann og 52 hundar i veg mot
polpunktet. Dei fem var Roald Amundsen, Helmer Hansen, Olav Bjaaland, Oscar
Wisting og Sverre Hassel.
Ekspedisjonen er vel den mest imponerande skiferd historia
kjenner til. Ein tur på 2800 kilometer, i opptil 60 graders kulde
med forrykande snøstormar og bitande sno. Dessutan var det i eit
farleg terreng på opptil 3300 meters høgde, dvs. nesten 1000
meter høgare enn Galdhøpiggen. På 4 sledar hadde dei
proviant for 4 månader.
Frå det siste depotet på 82 grader vart det
oppført vardar for kvar femte kilometer. På 85 grader tok
dei fatt på oppstigninga til Sydpolplatået, med ville brear,
kløfter og sprekker mellom 4000 - 5000 meter høge fjell.
Sydpolen
Den 14. desember 1911, ti dagar før Amundsen hadde
rekna med, sto dei fem på Sydpolen. Her, i 3100 meters høgde
vart teltet reist, og det norske flagg heist over "Polheim". Området
vart kalla Haakon VII's vidde. Dei var på polen i fire dagar for
å gjere mest muleg nøyaktige observasjonar. For å være
sikker på å ha vore på sjølve polpunktet, gjekk
dei fleire kilometer lange turar på kryss og tvers frå leiren
"Polheim".
Tilbaketuren gjekk utan uhell, takka være god planlegging
med depot og vardar. Den 25. januar 1912 kom dei tilbake til hovudkvarteret
"Framheim" med 2 sledar og 11 friske hundar i behald - dei andre var brukt
som hundemat på turen, det var også eit ledd i planen.
Forutan den reint sportslege triumf med å nå
Sydpolen først, ga ekspedisjonen mange verdifulle vitskaplige oppdagelsar
som resultat; bl. a. vart det påvist at Sydpollandet ikkje består
av to kontinent, men er eit veldig, samanhengande fastland. I dei seinare
år har det gong på gong vist seg korleis andre ekspedisjonar,
ikkje minst amerikanarane Byrds og Ellsworths flyferder, har kunna bygge
på Amundsens erfaringar og resultat; Amundsens "Sydpolen" er vår
bibel," har Byrd sagt.
..............................................
Litt: Roald Amundsen: Mitt liv som polforsker (1927) |