Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Elv / innsjø / foss
 

    

 
Amazonas
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 20.11.2003

Amazonas sin kilde ligg i dei peruvianske Andesfjella, 3700 meter over havet og berre 150 km frå Stillehavskysten. Den første frå Europa som drog oppover elva var spanjolen Orellana. 

Ulike måtar å måle på gir ulike lengder på verdas lengste elvar. På ein måte blir Amazonas verda lengste med 6520 km. 
Amazonas har også verdas største nedbørsfelt på 7 050 000 km2, og vannføring på mellom 64000 til 146000 m3/sek. 

Etter å ha bana seg veg, under namnet Maranon, gjennom fjellandet i bratte canyonliknande dalar når floden i 180 meters høgde fram til den veldige urskogkledde Amazonassletta. Herfrå senkar den seg ytterst langsomt mot munninga i Atlanterhavet. 

Djupna er enkelte stadar 135 meter, og breidda på munninga er på 200 km. Omlag 44000 km av vassdraget er seglbart. Fartøy på 3000 tonn kan gå opp til Iquitos i Peru, 3700 km frå munninga. 

Amazonas har fleire hundre bielvar, blant dei Rio Negro frå nord og Madeira frå sør. 

Tidevatnet i Atlanterhavet merkar ein opp til 800 km frå utløpet, og 4-5 meter høge springflodbølgjer er ofte farlege for skipsfarten. I månadene desember til februar, og april til juni kan Amazonas stige til 20 meter over lågaste vasstand. 

Området har eit rikt dyreliv med ca 2000 fiskeartar, skilpadder, alligatorer, slangar, delfinar og store mengder sjø- og sumpfuglar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal