Loire (loa´r) er den lengste elva i Frankrike, 1002 km lang. Den kjem frå fjellområdet Cevennene, 1375 meter over havet, og munnar ut i Atlanterhavet ved St. Nazaire. Elva er seglbar 800 km, og står i kanalsamband med Seine og Saône.