Verdas mest vassrike fossar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.01.2004
Fossar betyr enorme ressursar. Verdas største foss
kan på eit einaste døgn levere alt det vatnet ein millionby
treng i 20 år. Ein annan foss leverer nok straum til 30 millionar
menneske.
Det som ein gong var verdas nest vassrikaste foss, Guaira,
eller Sete Quedas, er i dag utbygd til verdas største vasskraftverk
med 18 turbinar som leverer 75 milliardar kilowattimar i året. Kraftverket
leverer nok straum til 30 millionar av Brasil sine innbyggarar.
Det tok heile 18 år å bygge demninga som er
like høg som ein skyskrapar på 62 etasjar, med ei breidde
på 7,5 kilometer.
For å få heile konstruksjonen ferdig, måtte
63 855 millionar kubikkmeter stein og jord fjernast. Det er nok til å
fylle eit godstog med så mange vogner at det kunne rekke tre gonger
rundt jorda. 24 000 menneske deltok under bygginga av demningen.
Her er verdas 10 mest vassrike fossar
1. Kohne
11 610 kubikkmeter / sek. (ved flom opptil 42 500 kubikkmeter
/ sek.)
Høgde : 21 meter.
Breidde : 10,8 km.
Fossen ligg på grensa mellom Laos og Kampuchea.
Det er Mekongelva som leverer denne imponerande vassmengda.
Mekongelva er 4500 meter lang, og alle bielvane drenerer
store delar av Thailand, Laos, Kampuchea og Vietnam. Dette er områder
som har opptil tre meter nedbør i året. I tillegg får
Mekongelva brevatn frå Himalaya, der elva har sitt utspring.
2. Niagara
5830 kubikkmeter / sek.
Høgde : 57 meter.
Fossen ligg på grensa mellom Canada og USA.
3. Grande
4500 kubikkmeter / sek.
Høgde : 23 meter.
Uruguayelva, som dannar grense mellom Urauguay og Argentina,
nord for byen Salto.
4. Paulo Afonso
2890 kubikkmeter / sek.
Høgde : 80 meter.
São Franciscoelva i det nord-austlege Brasil,
som renn ut i Atlanterhavet.
5. Urubupunga
2750 kubikkmeter / sek.
Høgde : 9 meter.
Paranaelva i det sørlege Brasil på høgde
med Belo Horisonte.
6. Iguassu
1700 kubikkmeter / sek.
Høgde : 70 meter.
Fossen ligg der Iguassuelva går saman med Parana,
på grensa mellom Paraguay, Argentina og Brasil.
7. Maribondo
1500 kubikkmeter / sek.
Høgde : 35 meter.
Grandeelva i det sørlege Brasil ved byen Colombia.
8. Churchill
1390 kubikkmeter / sek.
Høgde : 75 meter.
Churchillelva i Labrador-delen av Newfoundland, Canada.
9. Kabalega
1200 kubikkmeter / sek.
Høgde : 40 meter.
Nilen, aust for Alvertsjøen i Uganda.
10. Victoria
1090 kubikkmeter / sek.
Høgde : 103 meter.
Zambezielva på grensa mellom Zimbabwe og Zambia. |