Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Festning / Fort
 

 

 
Fredriksten festning
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 31.10.2005

Fredrik III starta arbeidet med Fredriksten festning ved Halden i 1661, og den vart bygd ferdig på 10 år. I 1716 gjorde Karl XII åtak på festninga, og greidde å trengje inn i byen. Men då sette borgarane byen i brann. I 1718 tok svenskane ein del av festninga, men då Karl fall, trekte dei seg attende. 

I 1814 vart festninga på nytt erobra av svenskane. Etter eit tappert forsvar måtte kommandanten overlevere festninga til svenskane, men ikkje før han fekk ordre frå den norske kongen etter konvensjonen i Moss. I 1905 vart Fredriksten nedlagt som krigsfestning. 

Mosskonvensjonen 
Mosskonvensjonen er namnet på den traktaten (overenskomsten) som vart underteikna i Moss 14. august 1814 mellom Sverige og Noreg. Svenskane, under Karl Johan, hadde slått den norske hæren, og tvang nordmennene til våpenstillstand. Men den svenske kongen gjekk med på at nordmennene skulle få behalde Eidsvollgrunnlova og styre seg sjølv. Dette var slutten på den siste krigen mellom dei nordiske landa. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal