Tellevik kystfort
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.07.2007
Tellevik kystfort ligg på Klauvaneset like ved Nordhordlandsbrua.
Stiftinga Tellevik kystfort har sidan 1995 restaurert kulturminnet og området
omkring i samarbeid med grunneigaren Bergen kommune. Området er godt
tilrettelagt med offentlege parkeringsplassar og rundkøyring for
bussar.
Informasjonsskilt Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal.
Bergen fekk under okkupasjonen ein viktig rolle som marinestøttepunkt
for den tyske ubåtflåten. For å beskytte viktige militære
installasjonar som verftsområder, hamneanlegg ol, vart det i 1940
påbyrja mange tunge luftvernanlegg rundt byen.
Sommaren 1940 byrja tyskarane å lage veg ut til
Klauvaneset, for deretter å starte utbyggjinga av Tellevik kystfort.
Tyske, norske og russiske arbeidarar (krigsfangar) arbeida her heilt fram
til frigjeringa i 1945.
Minnesmerke
Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal.
Tellevik kystfort låg strategisk til og hadde ein
viktig rolle i Festung Bergen. Etter mange år med restaurering er
området i dag eit av landets best tilrettelagte og besøkte
krigsminne. Tellevik kystfort er det einaste i sitt slag i Bergen - dei
andre er sanert vekk.
Når du køyrer over Nordhordlandsbrua frå
Flatøy, vil du sjå Tellevik kystfort på høgre
side like ved brufeste på Klauvaneset.
Ved inngangen til Tellevik kystfort står eit minnesmerke
til minne om sjøfolka i innenriksfart som mista livet på fjorden
i 1940 - 1945.
Minnesmerket er reist i regi av stiftinga Tellevik kystfort
med støtte frå Sjøforsvaret og Bergen kommune - grønn
avdeling.
Under det tyske angrepet på Bergen i april 1940,
vart det straks lagt ut minefelt rundt nordre Bergenshalvøy - for
å hindre ein alliert invasjon frå nord.
Minene var ein fare for den ordinære skipstrafikken
på fjorden. Seinare, same år vart tre norske fartøy
minesprengt.
B/G DRAUGEN, Ålesund - minesprengt ved Morvik i
Nordre byfjord, 15. juli 1940.
M/S BOGEVIK, Fusa - minesprengt ved Morvik i Nordre byfjord,
17. juli 1940.
M/S ARILD, Florø - minesprengt ved Steinestø
i Sørfjorden, 26. august 1940.
Draugen-tragedia utanfor Morvik 15. juli 1940
Til samman seks sjøfolk omkom på fjorden
- alle under dramatiske omstende mandag 15. juli 1940 då bjergingsdamparen
Draugen gjekk på to miner og sank utanfor Morvik.
Dei som omkom var:
Kaptein Knut Berg, 53 år - Ålesund
Matros Oscar Berg, 34 år - Ålesund
Matros Carsten Berg, 30 år - Ålesund
Matros Gustaf Karlsen, 26 år - Ålesund
Dekksmann Olaf Lie, 50 år - Tomrefjorden
Stuert Godthart Aasen, 44 år - Ålesund
4 sjøfolk vart redda i land av lokalbefolkningen.
Kjelde: Informasjon på Tellevik kystfort.
Kommandosentralen på Tellevik kystfort. Betongkonstruksjonen
stod ferdig vinteren 1944 og var utstyrt med ei 7.500 kilos stålplate
i taket over standplass. Her var det til ei kvar tid 10 offiserar og menige
på jobb for å overvake og passe på skipstrafikken.
Foto: Terje Opdal.
Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal.
Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal.
Reupenschlepper - Ost, tysk køyretøy spesialutvikla
i 1943 som trekkvogn for tungt artelleri for dei veglause områda
på austfronten. Foto: Terje Opdal.
Tellevik kystfort. Denne artillerigranaten har ein diameter
på 40,6 cm og representerer det største artilleriet som har
vore brukt her til lands. Foto: Terje Opdal.
Tysk lyskastar med speildiameter på 150 cm - modell
Siemens & Schuckert og Krupp AG, produsert i 1943. Totalvekt 2100 kg.
Rekkevidde horisontalt på 14000 meter. Foto: Terje Opdal.
Fransk og tysk feltkanon. Foto: Terje Opdal.
Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal.
Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal.
|