30 år med ekspressbåt
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 18.12.2002
I mai i år fekk Fylkesbaatane ein ny stor ekspressbåt
som tilvekst til flåten sin. Dette var ein milepel for Fylkesbaatane
og selskapet sine passasjerar. Nybygget er nemleg første fartøyet
i selskapet sin tredje generasjon av ekspressbåtar.
M/S «Fjordtroll» (bygd 1972) frå den
første generasjonen båtar. (Foto: Harry Runderheim)
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane er på mange måtar
eit pionerselskap når det gjeld passasjerfart med ekspressbåtar
i Noreg.
I åra 1971/72 starta selskapet sine første
ekspressbåtruter mellom Sogn og Fjordane og Bergen med fire nybygde
båtar. Mellom desse var dei to katamaranane «Fjordglytt»
og «Fjordtroll». Førstnemnde var den første passasjerførande
toskrogsbåten i verda, og desse båtane innleidde ei ny tid
i passasjertrafikken til sjøs både i Noreg og internasjonalt.
I åra frå 1987 til 1993 fekk Fylkesbaatane
fire nye og større ekspressbåtar av ein ny generasjon.
Flaggskipet mellom desse var «Kommandøren»,
som då den kom i 1990 var første fartøy i ein ny katamaranserie
frå Kværner Fjellstrand med heilt ny design. Dei tre andre
av dagens ekspressbåtgenerasjon er «Solundir», «Fjordprins»
og «Sognekongen», som alle er noko mindre enn «Kommandøren».
M/S «Fjordtroll» er første fartøy
i tredje generasjonen ekspressbåtar. (Foto: Trond Owesen)
Ny «Fjordtroll»
Den nye båten som er starten på ein tredje
generasjon ekspressbåtar, har namnet «Fjordtroll» og
vart døypt i Sogndal 24. mai, og gjekk deretter inn i Fylkesbaatane
sine ekspressbåtruter. Den er bygd hos Lindstøl Skip i Risør
og er 32 meter lang.
Båten kan ta 174 passasjerar i ein stor salong.
Salongen har eit eige leikerom for barn og eit avskilt møterom for
mindre grupper.
Akter i salongen er det kiosk der passasjerane kan kjøpe
kalde og varme rettar, forfriskningar m.m.
Elles er salongen utstyrt med stolar som kan regulerast
og med tilkopling for radio, musikk, informasjon og lyd frå videofilmar
som blir viste om bord. Over salongen har båten eit eige røykerom.
M/S «Fjordprins» (bygd 1987) frå den
andre generasjonen båtar. (Foto: Rolf M. Sørensen)
Selskapet har i dag fire ruter mellom Bergen og Sogn og
Fjordane fylke.
To ruter går nordover langs kysten frå Bergen
til Selje i Nordfjord med stopp mellom anna i Florø og Måløy.
Den eine av desse to rutene har avgang frå Bergen
om morgonen og returnerer til Bergen om kvelden, og den andre går
omvendt med avgang frå Selje om morgonen og retur dit om kvelden.
Mellom Bergen og Sogndal har Fylkesbaatane ei heilårs
ekspressbåtrute med avgang frå Sogndal om morgonen og retur
frå Bergen om ettermiddagen. Mellom Bergen og Flåm har selskapet
ei sommarrute med avgang frå Bergen om morgonen og retur dit om kvelden.
Denne ruta har mykje dagsturtrafikk av turistar som vil oppleve Flåmsbana
og Sognefjorden. |