M/S "HOSANGER I"
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 08.08.2004
På Byfjorden og ved Tyskebryggen var det i 1939
komen ein ny båt med ein uvanleg utsjånad. Båten hadde
motormaskin, og han var den fyrste fjordabåten inne på Vågen
som hadde nemninga "sjøbuss".
Sumaren 1939 var den siste fredsumaren før krigsutbrotet
ute i Europa den 1. september same året. Vi minnest solfylte dagar
og logne og vakre augustkveldar, men ei uroleg tid under yta.
Dei som var eldre reddast ein storkrig, og dei hugsa verdskrigen
frå 1914-18, som landet vårt hadde greidd å halda seg
unna. Trass det hadde vi mist mange sjøfolk, men dei reddast for
at kom det no ein ny storkrig ville det verta endå vanskelegare å
stå utanfor og halda seg nøytral. Likevel gjekk livet sin
gang, trass trugsmåla og dei skrikande talane til Adolf Hitler.
M/S "Hosanger I" på tur ut Vågen sumaren
1939. Frå fyrst av var båten grå på farge, men
vart måla svart under krigen. Overbygget var kvitt heile tida. I
framgrunnen ser vi flagget og litt av akterdekket på Bergenske sin
båt "Lynx, til høgre "Ternen", den kvite båten i bakgrunnen
er "Vøringen", den aller bakerste er "Vatlestraumen" og ved Festningskaien
ligg "Stavanger I".
Eigar av bilete i 1989: Jo Gjerstad.
På Byfjorden og ved Tyskebryggen var det komen ein
ny båt med ein uvanleg utsjånad. Båten var heilt ulik
dei vanlege fjordabåtane. Båten hadde motormaskin, og han var
den fyrste fjordabåten inne på Vågen som hadde nemninga
"sjøbuss".
Men det merkelegaste ved han var framdekket og baugpartiet.
Det halla framover, og gav han ein underleg utsjånad. Det såg
ut som om han var broten ned framme, og mange stussa over denne skapnaden
som skulle traffikera Sør- og Osterfjorden.
Men så snart dei kom om bord fekk dei ei onnor meining.
Båten var nemleg passasjervenleg, og gjorde god fart. Di nest kunne
han óg ta både last og krøter, så nokon rein
fjordbuss eller passasjerbåt var han ikkje.
Fem lange krigsår måtte til før den
fyrste reine passasjerbåten vart sett i rute, og det var det ein
mann som heitte Kühle og budde i Alverstraumen som stod føre.
Den nye båten med den merkelege utsjånad var
bygd for Indre Nordhordland Dampbåtlag ved Glommen Mek. Verksted
i Fredrikstad, og ved dåpen fekk han namnet "Hosanger I". Båten
kom i slutten av juni månad, slik at han kunne setjast inn i sumartrafikken.
Prisen var óg bra. Han kosta kr. 243.000, og det var uhorveleg mykje
pengar den gongen.
Men det tenkte ikkje dei reisande på. Dei gledde
seg over dei vakre salongane med god utsikt, og over farten han gjorde.
Dei reisande kunne vera landliggjarar som leigde seg ei stove eller ein
lem i sumarvekene, det kunne vera turistar som skulle til Romarheim eller
Mo for å gå i Stølsheimen, eller til Eksingedalen og
andre stader der dei kunne njota sumaren.
"Hosanger I" skapte mykje diskusjon då den kom
inn på Vågen i juni 1939.
Det var óg faste vekependlarar (sjølv om
det ordet enno var ukjent) som arbeidde i byen og reiste heim kvar laurdag,
og attende om sundagskveldane. Liv og ståk var det då båtane
gjekk ut Vågen mellom kl. 14.00 og 14.30, og mykje kapping og blåsvart
kolrøyk fylgde dei på ferda.
Og ute i Europa var det fred, sjølv om han hang
i ein tunn tråd. Freden varde sumaren til ende. Då var det
slutt. Men for "Hosanger I" vart det ei røyning ingen hadde tenkt
då båten vart tinga for bygging året i førevegen.
For no vart både "Oster" og "Haus" rekvirerte av
den norske marinen til nøytralitetsvakt, så "Hosanger I" saman
med "Johan Jebsen" og "Hamre" måtte greida dei ruter og den last
som fem båtar skulle ha greidd.
Men botnen var ikkje nådd med det. For då
det leid ut i krigsåra fekk ikkje selskapet meir olje, så "Hosanger
I" måtte ankrast opp i ei logn vik i Osterfjorden og to båtar
vart åleine att om slitet.
"Hosanger I" si tenestetid i selskapet rakk fram til 1973,
året før Indre Nordhordland gjekk saman med Bergen Nordhordland
Trafikklag. Då var tida hans ute, og båten vart seld til Scandia
Bibel og Misjons Center, Brummundal, for å hysa uteliggjarar og andre
som hadde kome skeivt ut i livet og leid vondt.
Båten fekk namnet "Misjonsskipet Fred", vart måla
kvit, og skulle no gjera ei misjonsgjering for dei svake i samfunnet -
trudde dei. Men då kjende dei ikkje lovar og reglar. Og regelverket
kan ikkje brytast. Båten hadde ikkje gode nok sanitære tilhøve!
Ikkje var det dusj eller bad, og toalettilhøva
var heller ikkje etter oppskrifta. Så misjonstenesta vart aldri gjort.
Det vert berre med tanken, og eit endelaust slit mot eit hardrodd byråkrati.
Difor vart det stolte fredskipet seld i 1976 til Brødrene
Sørensen, Stathelle,og kondemnert og sletta av skipsregisteret i
1980, 41 år etter at den særeigne sjøbussen kom i drift.
Uteliggjarane måtte nøya seg med dei same
tilhøva dei hadde hatt, og byråkratane kunne med tryggleik
gå heim til ein god middag og ei varm seng i full vissa om at desse
ikkje leid vondt på grunn av vantande sanitære tilhøve
på "Misjonsskipet Fred!, tidlegare "Hosanger I".
"Hosanger I" var på 229 brt., og målte 128.4
/ 21.9 ft.
Opprinneleg hadde den ein motor på 500 HK, som
ga den ein fart på 12 knop.
Ved ei mindre ombygging i 1956 fekk båten ny motor
på 560 HK, men eksteriørmessig blei den ikkje forandra.
-----------------------------------------------------------
Artikkelen er henta frå BNR-NYTT nr. 3 1989 |