Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Fjordabåtar
 

    

    
Kyst- og fjordabåtar på museum
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 16.12.2002

Bergens Sjøfartsmuseum har no fått ei eiga fast utstilling om dei norske kyst- og fjordabåtane. Her kan ein få vite mangt og mykje om dei første dampdrivne ruteskipa, om båtane på Vestlandet gjennom meir enn 150 år, og om Hurtigruta. 


INNGANG FRÅ BRYGGJA. Inngangspartiet til utstillinga om kyst- og fjordabåtane er laga til som ei av dei tradisjonelle rutebåtbryggjene, med både livbelte, mjølkespann, sekkehjul, brødkasse, reklameskilt og ei oppslagstavle frå Fylkesbaatane. 
(Foto: FSF) 

Utstillinga opna 7. mars 2001 på dagen 175 år etter at det første private norske dampskipet vart kontrahert. Det var hjuldamparen «Oscar», som vart sett i trafikk mellom Bergen og Christiania i april 1828. 

Den første delen av utstillinga fortel om dette og dei andre pionerskipa i norsk rutefart, mellom dei Fylkesbaatane sine første skip, D/S «Framnæs» og D/S «Fjalir» frå 1858. 

Her kan ein sjå «Framnæs» på eit måleri frå 1859, og ein modell av «Fjalir». Også gallionsfiguren til «Fjalir» er montert, saman med den originale skissa til figuren av bergensmålaren Johan Ludvig Losting. Gallionsfiguren til «Fjalir» var inga kvinne, men ein mann med peikande finger og øks over eine skuldra. 


GALLIONSFIGUR. Den nær 150 år gamle og noko medtekne gallionsfigur frå D/S "Fjalir" er berga og utstilt på Bergens Sjøfartsmuseum. (Foto: FSF) 

Vidare har utstillinga avdelingar om redning og berging av skip og om drama og forlis langs norskekysten i krigsår og fredstid. 

Her står skipsklokka til Fylkesbaatane sin D/S «Gula» med merke etter kuler. «Gula» vart to gonger angripen og mykje skada av allierte fly mot slutten av siste krigen. 

Natthuset til D/S «Stavenes», som etter planen skal restaurerast som veteranbåt, har ein sentral plass i avdelinga om navigasjon. 

Her står også kurskassa i messing frå D/S «Fanaraaken», med plass til lykt i sida og med ei av kursbøkene som dei gamle skipsførarane og losane styrte etter. 

Utstillinga fortel også om by og land, om posten på båtane, om byferjene i Bergen, om sjøfolka og om Hurtigruta Bergen - Kirkenes, Kystruta Bergen - Oslo og Nattruta Bergen - Stavanger. Ein modell og eit stort foto av M/S «Sunnfjord» har også ein framskoten plass. 


FLAGGSKIP. M/S "Sunnfjord" frå 1949 representerer ruteskipa som batt saman by og land. 
Fotoet er frå jubileumsferda som Kong Olav gjorde med "Sunnfjord" då Fylkesbaatane fylte 100 år i desember 1958. 
(Foto: FSF)

Og ikkje minst kan ein stige inn i og oppleve røykesalongen på hurtigruteskipet «Finmarken» frå 1912. Denne flotte førsteklassesalongen med rike treskjerararbeid i benkar og inventar vart berga før skipet gjekk til opphogging i Nederland i 1960. 

Sjølve inngangspartiet til utstillinga om kyst- og fjordabåtane er utforma som ei rutebåtkai med kaiskur - med ei oppslagstavle frå Fylkesbaatane på døra og mangt anna som høyrde til på ei slik bryggje. 

Bergens Sjøfartsmuseum har elles laga eit eige interessant hefte om utstillinga. 
--------------------------------------------- 
Kjelde: FSF - Fjord og kyst 2001 


KRIGSMINNE. D/S "Gula" var eit av Fylkesbaataneskipa som fekk hardast medfart under krigen. 
I skipsklokka viser merke etter kuler frå flyangrep på båten. (Foto: FSF) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal