Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Fjordabåtar
 

    

    
Øygardsbåtane
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 17.08.2004

Den 4. juli 1986 gjorde "Øygar" siste turen sin i rute mellom Bergen og Rong i Øygarden. Eit kapittel i lokalrutebåtane si soge vart avslutta, og Vågen blei atter ein båt fattigare. 

Eit sjøfarande folk fram om noko anna her i Nord- og Midthordland, vi ser då bort frå Fedje, har gått i land. Båtfløytene har tagna, og snart vil det gro villgras og tistel på dei slitne dampskipkaiane som har vore blanktrakka av kloggar og besteskor gjennom generasjonar. 

Over 90 år er gått sidan den første øygardsbåten tok til å gå mellom øyane ute mot havet og Bergen. Rutene før den tid hadde vore dårlege og lite tenlege, så det var ei storhending då A/S Hjelme & Herlø Dampskibsselskab vart skipa den 21. september 1911, og kunne setja den 25 år gamle båten "Valestrand" - som no fekk namnet "Hjelma" - inn i rute mellom Bergen og bygdene ute i Øygarden. 

Føremålet til det nyskipa selskapet var "å underholde en tidsmessig dampskibsforbindelse mellem Hjelme, ytre Herlø og Bergen". 


"Øygar" slik båten såg ut fram til krigen. 

No vart ikkje "Hjelma" særleg gamal. Alt i 1917 vart han skifta ut med den islandske båten "Ingolfur", som elles var bygd ved Mjellem & Karlsen i Bergen i 1908 for Faxabugtens Damskipsselskab i Reykjarvik. 

Her fekk båten nytt namn, og det vart "Øygar". Namnet har ein god klang og ein fin dåm over seg, sjølv om øygardsfolket på den tid var ukjende med at det skulle ha stått ein d i enden. Eller var det gjort med vitande vilje ? Kven veit. 

Dei hadde gjerne lese Olav Duun, og han var så suveren som forfattar at han skreiv alltid gar og garen, utan å bruka d i orda. 

Kor som er eller ikkje har dette selskapet halde seg til tradisjonen, og alle dei seinare båtane som kom har alltid vanta d-en i enden. 

"Øygar" var ein tru slepar, og då krigen tok til ute i verda hausten 1939 rekvirerte den Norske Marine båten til nøytralitetsvakt. Han fekk kanon om bord, og då krigen kom her til landet i 1940 kom han til trefning med tyskarane, og vart nær på senka av ein torpedo som berre gjekk få fot unna. 

Tyskarane kversette "Øygar", og selskapet som i 1944 hadde skift namn til Øygardsbåtane L/L, fekk han ikkje att før i 1945, sterkt nedsliten. Båten vart vølt og ombygd etter krigen, og tente trufast distriktet til ut i 70-åra. 

I mellomtida kom det nye båtar til i selskapet. Dampskipet "Odin" vart kjøpt inn frå Trondheim i 1923 og fekk namnet "Skjergar", men vart alt seld to-tre år seinare. 

I 1930 kom så "Tellevaag I", bygd i Sagvåg på Stord same året, og i 1934 vart "Eira" - bygd i 1891 - kjøpt inn, og han gjekk i fart like til i 1950. 

Rett før krigen braut ut - i februar 1940 - kom så den nybygde båten "Blomvaag". Han hadde motor, og var såleis eit tidskifte med gamletida og dampbåtane. 

Saman med "Tellevaag I" og "Eira" tok "Blomvaag" harde tak i krigsåra. I myrker og stummer - medan havburden song og sjøen mang ein gong synte berre tanngarden - utførde båtane den verharde ruta frå Telavåg i sør, Nautnes i vest og Nordøyane i nord, gjennom fem lange og vonde krigsår. 

Mange englandsfararar som reiste til øyane der ute for å berga seg over til fridomen og ny innsats for folk og fedreland, ber takk i hjarta for den hjelpa dei fekk av offiserane og mannskapet på desse båtane under flukta si. 

Då frigjeringa så kom måtte dei gamle båtane litt etter kvart vika plassen for nye og meir tidshøvelege, slike som "Hernar" og "Vestgar". Sjølv dei - så gode dei enn munde vera - måtte smått om senn leggjast opp og seljast, etter som veg og bruer vart bygde, og nye krav og reisevanar melde seg. 

I 1975 fekk selskapet snøggbåten "Øygar", som gjorde turen mellom Bergen og Rong på knappe tre kvarter. I 11 år frakta han pendlarar og andre reisande mellom byen og Øygarden, og var vel omtykt. I 1986 var også hans tid i dette verharde, men vakre distriktet omme. 

Den nye brua over Rongesundet som vart opna våren 1986, knytte heile Øygarden til fastlandet og gjorde den siste båten uturvande. Vågen i Bergen vart atter ein båt fattigare. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal