Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Fjordar
 

    

 
Sognefjorden
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 21.08.2006


Foto: Scandion.

Sognefjorden er Noregs lengste, og etter grønlandske Scoresbysund, den nest lengste fjorden i verda. Medrekna Sognesjøen er Sognefjorden 204 km målt frå Ytre Sula til Skjolden ved botnen av Lustrafjorden. 

Sognefjorden ligg sør i Sogn og Fjordane fylke og har retning rett mot aust i nokså jamn breidde. 

Den ytre delen, mellom øyane i Solund i nord og Gulen i sør, kallast Sognesjøen. 

Dei indre fjordarmane strekkjer seg inn i til dels svært høge fjellmassiv; og botnen av Lustrafjorden ligg berre omlag 12 km i luftlinje frå Austanbotntindane i Hurrungane (2204 moh.). 

Over fjorden går den nest lengste kraftlina i verda - med eit spenn på 4597 meter. Berre Ameralik-spennet på Grønland (5.376 meter) er lengre. 

Sognefjorden er djupast utanfor Kyrkjebø ved Vadheimsfjorden med 1308 meter. Den har ein høg terskel ved munninga, der fjorden berre er 100-200 meter djup. 

Samferdsle 
Frå gamalt av har Sognefjorden vore ei viktig samferdslesåre for frakt av varer mellom bygdene i Sogn og Bergen. 

Ekspressbåtar til og frå Bergen trafikkerer Sognefjorden dagleg - og bilferjer kryssar den fleire stader, bl.a. : 
Rv.5 - Fodnes-Mannheller 
Rv.13 - Hella-Vangsnes-Dragsvik 
E39 - Lavik-Oppedal 
Rv.57 - Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella 

Sognefjorden har mange fjordarmer. Fra vest mot aust: 

Innløp 
Sognesjøen 
Sognefjorden 
Bøfjorden 
Risnefjorden 
Ikjefjorden 
Vadheimsfjorden 
Fuglesetfjorden 
Høyangsfjorden 
Lånefjorden 
Finnafjorden 
Arnafjorden 
Esefjorden 
Fjærlandsfjorden 
Vetlefjorden 
Sogndalsfjorden 
Eidsfjorden 
Aurlandsfjorden 
Nærøyfjorden 
Amlabukt 
Lærdalsfjorden 
Årdalsfjorden 
Lustrafjorden 
Gaupnefjorden 

Les og artikkelen Fjorden - ein turistmagnet

Kjelder: 
wikipedia.no 
statnett.no 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal