Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Flyhistorie
 

    

    
Flya som avgjorde 2. verdskrig
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.02.2005

Hausten 1940 er slaget om Storbritannia i full gang. Den tyske hær har sigra overalt, og no skal flya rydde vegen for ein tysk invasjon. Men takka være allierte fly gjekk det annleis. 

Då den 2. verdskrig braut ut hadde stormaktene bygd store bombefly som kunne angripe fientlege styrkar langt bak fronten og gjere stor skade i tett befolka områder. Samtidig var det utvikla jagarfly som kunne skyte ned fienden sine bombefly, eller eskortere landet sine eigne bombefly og skip. 


Britiske arbeidarar i ferd med å klargjere ein Spitfire-jagar for levering frå fabrikken. 

På same måte som slaget om Storbritannia i 1940 blei utkjempa i lufta, ga dei allierte flya også eit stort bidrag til Tyskland sitt endelege nederlag. 

USA kom med i krigen i 1941, og frå den tida var Storbritannia og USA overlegne i lufta samanlikna med Luftwaffe, det tyske flyvåpenet. 

I dei tre siste krigsåra blei det eine angrepet etter det andre retta mot tyske hamner, oljelager og militære fabrikkar i Berlin, Hamburg, Køln og Essen, som alle blei lagd i ruiner av bombinga. 

Japanarane starta krigen med eit voldsomt hangarskipsbasert angrep på USA sin flåtebase Pearl Harbor på Hawaii. Etter dette følte japanarane seg trygge på grunn av avstanden. Men amerikanarane kjempa seg fram mot Japan frå øy til øy, i eit nært samarbeid mellom marinen og flyvåpenet, og frå 1944 kunne dei rette ei lang rekkje flyangrep mot Japan. Stillehavskrigen slutta med japansk kapitulasjon etter at det blei slept atombomber over Hiroshima og Nagasaki. 

Desse ti kampflya spela ein viktig rolle under den 2. verdskrig. Alle var frykta og effektive krigsmaskiner. 





North Amerikan P-51 Mustang 
Amerikansk einsetar jagarfly. 
Motor: Rekkemotor på 1490 hk. 
Normal startvekt: 5300 kg. 
Toppfart: 690 km/t i 7600 meters høgde. 
Rekkevidde: 1650 km. 
 
 
 
 
 
 
 

Consolidated B-24 Liberator 
Stort amerikansk rekognoserings-og bombefly. Motor: 
Fire stjernemotorer på 1200 hk kvar. 
Besetning: Åtte eller ni mann. 
Normal startvekt: 25400 kg. 
Toppfart: 465 km/t i 7600 meters høgde. 
 
 
 
 
 
 

Handley Page Halifax 
Stort britisk bombefly. 
Motor: Fire stjernemotorer på 1615 hk kvar. 
Besetning: Sju mann. 
Normal startvekt: 24675 kg. 
Topfart: 450 km/t i 4100 meters høgde. 
 
 
 

De Havilland Mosquito 
Britisk nattjager, jagerbomber og rekognoseringsfly. 
Motor: To rekkemotorer på 1680 hk kvar. 
Besetning: Ein eller to mann. 
Normal startvekt: 8600 kg. 
Toppfart: 655 km/t i 7900 meters høgde. 
Rekkevidde med maksimal bombelast: 2200 km. 
 
 
 
 
 
 

Junkers JU 88 
Allsidig tysk kampfly. Først brukt som bombefly, seinare i krigen mest som nattjager. 
Motor: To stjernemotorer på 1700 hk kvar. Besetning: To til fire mann. 
Normal startvekt: 13100 kg. 
Toppfart: 550 km/t i 8500 meters høgde. 
Rekkevidde: 2500 km. 
 
 
 
 
 
 

Mitsubishi Zero-Sen 
Japansk einsetar jagarfly. 
Motor: Stjernemotor på 940 hk. 
Normal startvekt: 2400 kg. 
Toppfart: 535 km/t i 4500 meters høgde. 
Rekkevidde: 1870 km. 
 
 
 
 
 
 

Republic P-47 Thunderbolt 
Amerikansk einsetar jagar og jagarbombar. 
Motor: Stjernemotor på 2000 hk. 
Normal startvekt: 6700 kg. 
Toppfart: 690 km/t i 9150 meters høgde.
Rekkevidde 1650km. 
 
 
 
 
 
 

Vickers Supermarine 
Britisk einsetar jagarfly. 
Motor: Rekkemotor på 1710 hk. 
Normal startvekt: 3500 kg. 
Toppfart: 655 km/t i 7600 meters høgde. 
Rekkevidde: 1060 km. 
 
 
 
 
 
 

Messerschmitt Bf 109 
Tysk einsetar jagarfly. 
Motor: Rekkemotor på 1150 hk. 
Normal startvekt: 2505 kg. 
Toppfart: 575 km/t i 3800 meters høgde. 
Rekkevidde: 665 km. 
 
 
 
 
 
 
 
 

Heinkel 111 
Mellomstort tysk bombefly. 
Motor. To rekkemotorer på 1300 hk kvar. 
Besetning: Fem til seks mann. 
Normal startvekt: 11300 kg. 
Toppfart: 410 km/t i 4880 meters høgde. 
Rekkevidde: 2465 km. 

Under den 2. verdskrig hadde Tyskland eit 2-motors bombefly kalla He-111. Det var konstruert av Ernst Heinkel - og landets viktigaste fly under invasjonen i Noreg. 

Ernst Heinkel (1888-1956) konstruerte dei første sjøgåande større flybåtar og sjøfly. Under den første verdskrig var han sjefskonstruktør ved Hansa-Brandenburg flyfabrikker. I 1922 stifta han Heinkel flyfabrikker i Warnemünde og konstruerte det første fly som vart skoten ut frå katapult frå dampskipet "Bremen". 

Inntil 1945 vart det bygd 145 ulike modellar ved fabrikken, blant anna verdas første rakettdrevne fly. Fabrikken sitt mest kjente fly var He 111, som også vart brukt som bombefly i slaget om Storbritannia. 

Andre flytypar 
He-113 var eit raskt ein-motors ein-setar jagarfly. 
He 176 (1939) var det første turbojetflyet. 
He 178 (1939) var det første tomotors jetflyet. 
He 280 (1941) og He 110 som i 1939 sette fartsrekord med 746 km/t. 
He-115 - Sjøfly-versjonen - vart til 1940 brukt av flyvåpenet i den norske marine. 

Saman med Messerschmidt danna Heinkel ein av dei fire produksjonsgruppene som i 1956 tok oppatt flyproduksjonen i Vest-Tyskland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal