Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Flyhistorie
 

    

    
Todekkaren mista pusten
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 16.10.2003

I flyhistoria sin barndom hadde ein ikkje kjennskap til alle dei earodynamiske lovene. Flya vart laga for hand frå innerst til ytterst, og kunne ha dei mest fantastiske former. 

Før første verdskrig vart trefly med to vengeplan og lerretstrekk standardtypen, men deretter vart det stål- og aluminiumsfly med eit vengeplan som dominerte luftrommet. Grunnen var spesielt at dobbeltdekkaren ikkje kunne konkurrere på farten. På grunn av den store luftmotstanden som vart skapt ved at to luftstraumar møttest mellom vengene, kom dei raskaste dobbeltdekkarane berre opp i 250 km/t. 

Dobbeltdekkaren hadde likevel ein fordel: Den var langt betre til å utføre akrobatikk med, og kunne i dei fleste tilfella manøvrere raskare og smidigare enn ein enkeltdekkar, sidan den må ha lengre venger for å oppnå like stor bæreflate. 

Krigane fekk fart på utviklinga 
Ingenting har betydd så mykje for flyutviklinga som dei to verdskrigane. Etter første verdskrig sto nesten 70 000 fly på flyplassar i Europa, og det vart utdanna tusenvis av dyktige flygarar. 

Under den andre verdskrig vart flytypane utvikla og forbedra heile tida. Begge partar gjorde sitt ytterste for å få overtaket i lufta under dei harde kampane. Sjølv om skroget på den britiske Mosquito-jagaren var laga av kryssfiner, var den eit av dei mest effektive krigsflya dei allierte hadde. 

40 veteranfly på ein stad 
I flymuseet Shuttleworth Collection i England finn vi det største utvalet av orginale, flygedyktige fly som stammar frå flyhistoria sin barndom, og fram til og med andre verdskrig. Museet har meir enn 40 fly, som deltek i store luftoppvisningar og show i sommarhalvåret. 

Samlinga vart grunnlagt i 1920-åra av flygaren Richard Shuttleworth, som sjølv vart skoten ned i kamp under slaget om Storbritannia i 1940. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal