Bjørnstjerne Bjørnson
Forfatter: wikipedia
Publiseringsdato: 18.05.2006
Bjørnstjerne Martinus Bjørnson (8. desember
1832 – 26. april 1910) var ein norsk forfattar og samfunnsdebattant. Bjørnson
vann Nobelprisen i litteratur for 1903 og er rekna som ein av dei fire
store i norsk litteratur. Han skreiv teksten til den norske nasjonalsongen
og var grunnleggjaren av Riksmålsforbundet.
Bjørnstjerne Bjørnson. Foto: wikipedia.org
Biografi
Bjørnson vart fødd på garden Bjørgen
i bygda Kvikne vest for Tynset. I 1837 vart Bjørnson sin far, som
hadde vore pastor i Kvikne, overført til Nesset prestegjeld, i Romsdal.
I dette området vaks Bjørnson opp. Etter mellomskule i den
næraste byen, Molde, vart han 17 år gamal send til Christiania
for å studera på universitetet. Forfattarinstinktet hadde allereie
vakna, Bjørnson hadde skrive dikt frå han var 11 år.
Han gjekk ut av universitetet i Christiania i 1852, og byrja snart å
arbeida som journalist. Han skreiv mest teatermeldingar.
I 1857 publiserte han Synnøve Solbakken, den fyrste
av bonderomanane. I 1858 vart denne etterfulgt av Arne, i 1860 av En glad
gut og i 1868 av Fiskerjenten. Desse er dei viktigaste døma på
hans bonde-forteljingar, ein del av forfattarskapen som gjorde djupt inntrykk
i Noreg og gjorde han vidgjeten i utlandet.
Foto: Scandion.
Bjørnson var ein av dei opphavlege medlemene av
Nobelkomiteen, og han vart attvald i 1900. I 1903 mottok han Nobel sin
litteraturpris.
Bjørnson hadde bidrege meir enn nokon annan til
å vekkja den norske nasjonalkjensla, men i 1903, like før
brotet mellom Noreg og Sverige, tala han til sine landsmenn om forsoning
og moderasjon.
I 1905, i det Noreg skulle velja si eiga uavhengige statsform,
vart den tidlegare bastante republikanaren overtydd om at monarki var det
rette for Noreg. Først og fremst kunne eit monarki gje sterkare
band til Storbritannia. I tillegg var det på line med statsforma
i Sverige og Danmark.
Bjørnstjerne Bjørnson døydde den
26. april 1910 i Paris, der han i nokre år hadde vore om vintrane.
Han vart gravlagd med stor ære og sorg, etter å ha vorte henta
heim til Noreg av eit norsk krigsskip.
Utgjevingar
Synnøve Solbakken (1857)
Mellem Slagene (1857)
Halte-Hulda (1858)
Arne (1858)
Smaastykker (1860)
Kong Sverre (1861)
Sigurd Slembe (1862)
Maria Stuart i Skottland (1864)
De Nygifte (1865)
Fiskerjenten (1868)
Digte og Sange (1870)
Arnljot Gelline (1870)
Fortællinger I-II (1872)
Brude-Slaatten (1872)
Sigurd Jorsalfar (1872)
Kong Eystejn (1873)
En Fallit (1875)
Redaktøren (1875)
Magnhild (1877)
Kongen (1877)
Kaptejn Mansana (1879)
Det nye System (1879)
Leonarda (1879)
Støv (1882)
Over Ævne. Første Stykke (1883)
En Hanske (1883)
Det flager i Byen og paa Havnen (1884)
Geografi og Kærlighed (1885)
Paa Guds Veje (1889)
Nye Fortællinger (1894)
Over Ævne. Andre Stykke (1895)
Lyset (1895)
Paul Lange og Tora Parsberg (1898)
To Fortællinger (1901)
Laboremus (1901)
På Storhove (1902)
Daglannet (1904)
Mary (1906)
Når den ny vin blomstrer (1909)
Artikkelen er henta frå Wikipedia.org - det frie
oppslagsverket. |