Jørgen Moe
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 06.07.2005
Jørgen
Moe (1813-82) var bondeson frå Ringerike. Han begynte tidleg
å samle og skrive ned eventyr, og saman med P. Chr. Asbjørnsen
gav han ut "Norske folkeeventyr" i 1841.
Jørgen Moe gjorde mange reiser i åra 1841-52
og samla rike folkeminner, særleg frå Telemark og Setesdal.
Seinare ofra han seg for prestegjerninga, og skreiv dikt
i nasjonalromantisk ånd. Moe vart bisp i Kristiansand i 1875. |