Odd W. Surén
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 06.03.2007
Odd W. Surén, født i Oslo 8. mars 1961 -
no busett i Austrheim kommune, debuterte som forfattar i 1985 med novellesamlinga
«Fanger og opprørere». I 2002 blei han tildelt Mads
Wiel Nygaards legat for sitt samla forfattarskap.
Surén har fått gode kritikkar for sine fem
novellesamlingar, men det er likevel først med dei to romanane om
Tommy Kristoffersen, «Dråper i havet» frå 1998
og «Kometenes øyeblikk» frå 2001, at han nådde
eit breiare publikum.
Bibliografi
1985 : Fanger og opprørere (noveller)
1989 : Tyranner og tjenere (noveller)
1993 : Taushetens fortrolige (noveller)
1997 : Ansikter og navn (noveller)
1998 : Dråper i havet (roman)
2000 : Diskrete kulisser (noveller)
2001 : Kometenes øyeblikk (roman)
2003 : Knuseverk (roman)
2006 : Dødsmåter (roman)
Prisar
2002 Mads Wiel Nygaards legat |