Barnetrygd anno 1946
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 30.07.2005
I Noreg var spørsmålet om alminneleg barnetrygd
utreda og planlagt sidan 1934. Men det skulle gå 12 år før
Stortinget, den 1. oktober 1946, vedtok å innføre barnetrygd.
Barnetrygd var kjent og gjennomført i fleire land
for enkelte grupper av lønnsmottakarar, men særleg i samband
med dyrtida under og etter 1. verdskrig.
Med vedtaket Stortinget gjorde i 1946 fekk ein 180 kroner
i årleg barnetrygd for kvart barn under 16 år frå og
med det 2. barn, - i visse tilfeller også for det første.
Trygda vart utbetalt på etterskot 4 gonger i året,
og utgiftene vart fordelt med 1/8 på kommunane og 7/8 på statsbudsjettet.
I 1946 vart barnetrygd utbetalt til ca 420 000 barn. |