Lendmenn
Forfattar: Scandion
12.06.08
Lendmenn var i sagatida dei stormenn som hadde fått
større landområder av kongen. Dei var av høg ætt,
og skulle på ein måte styra for kongen, verje landefreden,
hevde lov og rett og krevje inn skatt, som kongen skulle ha ein del av.
Når det vart krig skulle dei hjelpe kongen med mannskap. Til løn
fekk dei innkomene av nokre kongsgardar. Dei oppnevnte også utsendingar
til lagtinga. Son til ein lendmann vart gjerne lendmann etter faren. Det
vart slutt på lendmannsordninga i Noreg i 1308.
|