Abc'en, skrive- og lesekunsten
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 22.02.2005
Korleis ville livet ha arta seg om vi ikkje hadde hatt
alfabetet ? Barna lærer tidleg å ramse opp bokstavane frå
A til Å, og den utenatleksa kjem vel med seinare i livet.
Bokstavane er ikkje berre dei minste byggjesteinane i
språket, dei dannar også eit registreringssystem som vi kan
bruke til å halde orden på nær sagt endelause mengder
av opplysningar, ja på heile vårt stadig veksande kunnskapsstoff.
I dag er det sjølvsagt at barn i dei velståande
landa lærer å lese. Men i gamle dagar var skrive- og lesekunsten
berre for det fåtall som hadde råd til å få undervisning,
og slik er det framleis i utviklingslanda.
Alt fleire hundre år før boktrykkarkunsten
vart oppfunnen lærde barna bokstavane å kjenne ved hjelp av
bokstavbrett eller abc-darier. Eit slik brett var opprinneleg eit flatt
trestykke som bokstavane var rissa inn i. Seinare vart bokstavane skrive
på skinn eller papir, som vart festa på brettet. I Noreg kom
dei første katedralskulane ein gong på 1100-talet, og det
er truleg at dei gjorde bruk av slike abc-darier i undervisninga.
Hensikta med å lære folk å lese var
truleg at dei skulle bli i stand til å lese Bibel og salmebok på
eiga hand. Alle våre eldre abc-bøker har eit strengt religiøst
preg, og går frå alfabetet og enkle staveøvingar rett
over til katekisma.
Det er ein enorm avstand mellom den gamle religionsskulen
sine abc'er og våre dagars rikt illustrerte lesebøker, som
er utvikla på bakgrunn av omfattande undersøkingar både
av språket og av barn sine evner til å lære.
I dei siste åra er bruk at data ei ny form for undervisning.
Å lære å skrive og lese ved hjelp av PCen er på
full fart inn i barneskulen. |