Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

  

 
Cæsar fekk orden på kalendaren
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 20.10.2003

Inntil år 46 f. Kr. var det mykje rot i tidsrekninga. Årsskiftet flytta seg mellom årstidene, og det stod haust på kalendaren når det verkeleg var vår. Løysinga vart den julianske kalendar med 365 dagar i året. 

Den romerske diktatoren Julius Cæsar fekk orden på sakene ved å innføre den julianske kalendaren i år 45 f. Kr., med 365 dagar i året. 

Sjølv med 365 dagar i året var ikkje kalendaren heilt nøyaktig i forhold til jorda sin omdreiningstid rundt sola, for jorda brukar litt over ein kvart dag meir på å komme seg rundt sola. Derfor måtte Cæsar inn med ein skotdag, dvs. han la til ein ekstradag for kvart fjerde år. 

Året var likevel 11 minuttar og 12 sekundar for langt, ein feil som vart til eit døgn etter 128 år. Dette justerte Gregor 13. i år 1582, ved å fjerne tre skotdager på 400 år (den gregorianske kalendaren). Samtidig hoppa kalendaren over 10 dagar som året var komen i utakt. 

Fakta om vår tidsrekning 
Dersom vi avskaffar skotår med den ekstra dagen 29. februar kvart 4. år, ville kalendaren passe til årstidene igjen først når det er gått 1460 år. Eit år vert difinert som tida mellom dei tidspunkta då sola står nøyaktig på den same staden på himmelen. 

Skotår har vi alle dei åra som kan delast på 4, bortsett frå årstal som kan delast med 100. Her er det skotår berre når årstalet kan delast med 400. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal