Flagg og faner
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.01.2005
Frå svært gamal tid har det vore skikk at
krigarflokkar samla seg under eit bestemt merke. I kampens hete vart det
eit haldepunkt for dei som kjempa på same side. Først var
merket av reint praktisk art, som under primitive forhold letta hærleiinga.
Seinare vart det eit symbol for samhald innan avdelingar,
eit minne om stolte sigrar eller bitre nederlag.
Etter kvart som merkene vart avløyst av faner med
inskripsjon om dei viktigaste hendingane avdelingane hadde teke del i,
vart slike faner bærarar av ein tradisjon det var viktig å
føre vidare til nye generasjonar. Fanene måtte vernast med
pietet, og dei vart regimentets eller andre avdelingar sitt viktigaste
eige.
Det norske handelsflagg som vart brukt 1844 - 98, med
unionsmerket, populært kalla "sildesalaten", i øverste felt
nærmast stanga.
Dei første faner og flagg
Hos dei gamle grekarane fekk flåteføraren
(admiralen) sitt skip eige flagg som kjenneteikn. Skipet hadde óg
ofte eigen farge på seglet. Når seglet vart teke ned under
kamp, var flagget oppe, og seinar vart både flagg og vimplar brukt
til pynt og til å gi signal med.
Krigsfaner kjenner vi i Noregs historie alt frå
Håkon den Godes tid. Merkesmannen Tord Folesson frå Stiklestad
kjenner alle, og den gylne løve på raud botn, som Kongen og
Kronprinsen har i sine flagg i dag, har kanskje sin opprinnelse i det skjoldmerke
Magnus Berrføtt bar då han fall i Irland 1103.
Bruk av flagg vart stort sett utvikla til sjøs,
av faner til lands.
Det grodde tidleg opp bestemte reglar for korleis flagget
skulle verte salutert (helsa), og meir enn ein gong er kampar eller heile
krigar starta fordi ein flåtestyrke ikkje har gjeve ein annan sitt
flagg den honnør det vart gjort krav på.
Det norske riksvåpen har vore ført av all
norsk regjeringsmakt utan avbrytelse i meir enn 600 år. Så
seint som i 1594 var det admiralskip i den norsk-danske fellesflåte
som førte særskilte norske og danske kongeflagg på ein
gong.
Byane kunne ha eigne flagg. Skip som var frå Bergen
hadde rødt flagg utan splitt med kvitt kors, i midten ein stor,
kvit firkant med ståande løve med sverd i ein grønn
krans.
Norske regiment hadde kvar si fane med bestemte fargar.
Frå 1690 vart det forbode for våre handelskip å føre
splittflagg. Dette flagget var for krigsskip, defensjonsskip og festningar
m.m.
I 1748 vart handelsflagget sin utsjånad nøyare
bestemt, og frå 1757 måtte handelsskip i Middelhavet ha kongens
namnesiffer i Danebrogkorset for at vårt flagg ikkje skulle verte
forveksla med malteserriddarane sitt flagg.
----------------------------------
Kjelde : Familieboka 1954 |