Forordning
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.10.2005
Forordning var i dansketida namnet på dei vanlege
lovbod som eineveldekongen sende ut. "Forordningen av 1739" bestemte at
alle barn på landet i Noreg skulle ha skuleundervisning.
"Forordningen av 1809" danna grunnlag for den høgare
skulen fram til 1869.
Skulen skulle ikkje lenger berre være eit underbruk
under kyrkja, men gje grunnlag for ei høgare utdanning som universitetet.
Moderne språk og naturfag fekk større plass. Tidlegare hadde
nesten alt arbeid gått til latin og gresk.
Forordning i nyare tid er vedtak gjort av det offentlege.
Under den 2. verdskrig var forordning den alminnelege
nemning på vedtak utferdiga av tyskarane og deira hjelparar. |