Arkeologi - fortidas største arkiv
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 25.10.2003
Å utforske fortida har til alle tider vore interessant
for menneska. Arkeologi er historia om korleis menneska har levd, fortalt
av dei gjenstandane dei har etterlate seg.
Nesten overalt på jorda kan ein finne spor av fortida
- sjølv i utilgjengelege fjelltrakter, jungel og ørken, ja
til og med på havbotn.
Det som er bevart frå over ei halv million år
av menneska sitt liv, har eit utruleg mangfald. Flintstykke og restar av
dyreknoklar på ein buplass der steinalderfolk held til, er like viktig
for kunnskapen om menneska si historie som greske tempel eller egyptiske
gravskattar.
Arkeologen er ikkje på jakt etter det luksuriøse
og kostbare, men etter det vanlige og kvardagslege som viser korleis menneska
levde.
Bit for bit føyer arkeologen saman brotstykker
frå historia sitt veldige arkiv, og gir oss dermed levande kunnskap
om det som ein gong var - for lenge, lenge sidan. |