Magna Charta
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 02.11.2005
Magna Charta er latin og betyr "det store brev", som den
engelske adelen tvang kong Juan Lackland ("Johan utan land") til å
skrive under på 15. juni 1215.
Dette "fridomsbrevet" (Magna Charta lebertatum) sikra
adelen og presteskapet store rettar, og kongen vart avhengig av dei. Dokumentet
er ein av grunnsteinane i den engelsk forfatning.
Kongen kunne f.eks. ikkje skrive ut skattar utan eit samtykke
frå adelen. Ingen "fri mann" skulle kunne haldast i fengsel utan
lov og dom. Då borgarane på 1600-talet kom i kamp med kongemakta,
viste dei til Magna Charta når dei gjorde krav på retten sin.
Derfor kom "fridomsbrevet" til å spele ein stor rolle i engelsk historie
og politikk. Etter kvart vart Magna Charta tolka som eit "fridomsbrev"
for heile folket. |